Opplæringslova
§ 12-1 Verkeområde for kapittelet
Dette kapittelet gjeld for skolen, leksehjelpordninga og skolefritidsordninga.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9 A-1 med språklege endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 33.2 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen beskriv verkeområdet for kapittel 12. Ordlyden slår fast at reglane i kapittel 12 gjeld for skolen, leksehjelpeordningar og skolefritidsordningar. «Skolen» omfattar både grunnskolar og vidaregåande skolar som er omfatta av lova, sjå § 1-2. Kapittelet gjeld skolefritidsordningar og leksehjelpeordningar som er oppretta etter opplæringslova. Dersom kommunane nyttar private aktørar til å gjennomføre det pliktige tilbodet i kommunen, gjeld skolemiljøreglane også for dette tilbodet.
Reglane gjeld på skoleområdet eller der opplæringa eller aktivitetar knytte til skolen, skolefritidsordninga eller leksehjelpa går føre seg, irekna på dei digitale plattformene til skolen. Reglane gjeld også når skolen, skolefritidsordninga og leksehjelpeordninga har aktivitetar utanfor skoleområdet, til dømes på turar i nærmiljøet, leirskoleopphald o.l. Sjølv om reglane gjeld «skolen», kan forhold utanfor skolen ha betydning, ettersom mellom anna plikta til å setje inn tiltak etter forslaget § 12-4 gjeld uavhengig av kva som er årsaka til at ein elev ikkje har det trygt og godt på skolen. Skolevegen er i ei særstilling fordi skolevegen er så nært knytt til skolegangen. Rett og plikt til opplæring gjer at elevane må komme seg til og frå skolen, og dette skil skolevegen frå mellom anna heimen og fritida. At aktivitetsplikta etter § 12-4 gjeld uavhengig av årsaka til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, betyr at også forhold på skolevegen til ein elev kan utløyse plikt til å setje i verk tiltak. På grunn av særstillinga til skolevegen og den nære tilknytinga til skolegangen må skolen dessutan i større grad også kunne forventast å setje inn tiltak på sjølve skolevegen, til dømes tilsyn på bestemte stader.