Opplæringslova
§ 12-10 Bevisbyrde i erstatningssaker om psykososialt skolemiljø
Dersom det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje har følgt reglane om psykososialt skolemiljø i eller i medhald av kapittel 12, skal det ved behandlinga av erstatningskrav etter skadeserstatningsloven leggjast til grunn at reglane ikkje er følgde, om ikkje kommunen eller fylkeskommunen gjer noko anna truleg.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9 A-15 med språklege endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 61 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen inneber at det er delt bevisbyrde når det gjeld ansvarsgrunnlaget i erstatningssaker om psykososialt skolemiljø. Vilkåret om at «det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje har følgt reglane [...]» inneber at påstanden til den skadelidde må styrkjast av opplysningar i saka. Men påstanden treng ikkje å vere støtta av bevis i form av dokumentasjon eller vitneførsel. Dette inneber ein meir lempeleg standard enn det alminnelege kravet om sannsynsovervekt som elles vil gjelde i bevisføringa i ei erstatningssak. Det er tilstrekkeleg at det finst opplysningar i saka som gir grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje har følgt reglane; opplysningane må ikkje nødvendigvis skaffast av den skadelidde sjølv. Kommunen og fylkeskommunen må då sannsynleggjere – med sannsynsovervekt – at dei likevel ikkje er å klandre.
Det følgjer av skadeserstatningslova og rettspraksis at både kumulative og anonyme feil blir omfatta av erstatningsansvaret og samla sett kan vurderast som aktløyse frå skolen si side og danne grunnlag for ansvar for kommunen eller fylkeskommunen.
Regelen om delt bevisbyrde gjeld berre erstatningsvilkåret om ansvarsgrunnlag. For dei andre erstatningsvilkåra – økonomisk tap og pårekneleg årsakssamanheng – gjeld dei ordinære bevisbyrdereglane.