Opplæringslova
§ 12-2 Retten til eit trygt og godt skolemiljø
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-2 og er omtalt i punkt 33.3 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen slår fast at alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. «Skolemiljø» omfatter både det fysiske og det psykososiale miljøet.
Det fysiske skolemiljøet gjeld både innemiljøet og utemiljøet på skolen. Det fysiske innemiljøet omfattar faktorar som bygningsmessige forhold, luft, temperatur, lys- og strålemiljø, akustikk og mekanisk innemiljø. Utemiljøet refererer seg mellom anna til lokaliseringa, utforminga av utearealet, leikeapparat osv. Sjå nærare merknaden til § 12-7 og forskrift om miljø og helse i barnehagar, skolar og skolefritidsordningar.
«Skolemiljø» omfattar i denne samanhengen korleis elevane har det på skolen, skolefritidsordninga og leksehjelpetilbodet.
Paragrafen inneber at skolemiljøet ikkje skal forårsake eller forsterke ekskludering/isolering, helseplager eller mistrivsel, eller øydeleggje, hindre eller forstyrre læringa til elevane. I tillegg skal skolemiljøet ha ein positiv verknad og gi den enkelte eleven gode moglegheiter for helse, inkludering, trivsel og læring. Klassemiljøet vil utgjere ein sentral del av skolemiljøet til elevane, og leik vil utgjere ein viktig del av særleg skolemiljøet til dei yngste elevane. Om skolemiljøet fremjar helse, inkludering, trivsel og læring, må vurderast ved å observere verknaden på elevane og ved å observere og måle ulike forhold ved miljøet. Kva elevane meiner om miljøet, er avgjerande i denne vurderinga.
Kapittel 12 inneheld fleire plikter som utfyller og konkretiserer innhaldet i retten til eit trygt og godt skolemiljø, til dømes krav om førebyggjande arbeid i § 12-3, plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø i § 12-4 og reglar om det fysiske miljøet i § 12-7.