Opplæringslova
§ 12-3 Nulltoleranse og førebyggjande arbeid
Skolen skal ikkje godta krenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
Skolen skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-3 med nokre språklege endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 33.4 og punkt 33.5 i Prop. 57 L (2022–2023).
«Skolen» er brukt som pliktsubjekt i denne paragrafen fordi oppfyllinga naturleg skjer på skolenivå. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for oppfyllinga, jf. forslaget § 28-1 første ledd og § 28-2 første ledd.
Første ledd inneber at skolen ikkje skal godta krenkjande oppførsel verken frå elevar eller frå nokon som oppheld seg på skolen. Mobbing, vald, diskriminering og trakassering er tekne inn som døme på krenkjande oppførsel som elevar kan utsetjast for, og som skolen ikkje skal godta. Det er ikkje ei uttømmande oppramsing, men døme for å klargjere kva som kan vere krenkjande oppførsel. Regelen omfattar rasisme, utestenging, ekskludering og seksuell trakassering. I heilskapsvurderinga av om ei handling utgjer ei krenking, vil det vere relevant å sjå til anna regelverk, mellom anna om forholdet er omfatta av definisjonen av seksuell trakassering av likestillings- og diskrimineringslova § 13 tredje ledd. Dersom forholdet blir rekna som seksuell trakassering etter likestillings- og diskrimineringslova, vil dette utgjere ei krenking etter opplæringslova.
Tilvisinga til «diskriminering og trakassering» er nøytralt med tanke på diskriminerings- og trakasseringsgrunnlag og omfattar mellom anna diskriminering eller trakassering på bakgrunn av kjønn, etnisitet, språk, religion, livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering (under dette homofobi), kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.
Krenkjande oppførsel kan omfatte direkte handlingar og verbale uttrykk retta mot elevar, men også meir indirekte krenkjande handlingar som utestenging, isolering og baksnakking. Både fysisk og digital oppførsel blir omfatta av regelen. Det skal ikkje vere ein høg terskel for kva som blir rekna som krenkjande oppførsel overfor elevar. Barn og unge er meir sårbare enn vaksne, og når dei er på skolen, er dei i ein situasjon som dei er pålagde å vere i, eller som er nødvendig for at dei skal kunne få den opplæringa dei har rett til.
Det er likevel ikkje slik at alle kritiske ytringar eller usemjer mellom elevane er meint å omfattast. Det er ein del av samfunnsmandatet til skolen å lære elevar å tenkje kritisk og kunne akseptere og respektere ulike meiningar og overtydingar. Elevar kan oppleva usemje med lærarar eller andre elevar utan at dette automatisk blir rekna som krenkjande oppførsel. Dette betyr at eit kontroversielt standpunkt ikkje utan vidare skal reknast som ei krenking, sjølv om utsegna kan oppfattast fornærmande eller provoserande for enkelte elevar. Klasseromma skal vere trygge stader for å lufte og diskutere kontroversielle synspunkt, men også å ombestemme seg og endre meining. Elevane skal tole usemje, både frå andre elevar og frå dei som arbeider på skolen. Lærarar har stor fridom til å omtale kontroversielle, vanskelege og kompliserte synspunkt, utan at dette vil reknast som ei krenking. Fagleg usemje mellom ein lærar og ein elev eller usemje om korleis ein lærar har vurdert ein elevprestasjon, vil heller ikkje reknast som ei krenking. Vidare kan ein elev oppleve irettesetjing av ein lærar utan at dette blir rekna som ei krenking.
Krenkingsomgrepet er objektivt på den måten at kva som er krenkjande oppførsel, kjem an på ei konkret heilskapleg vurdering, ikkje berre opplevinga til den enkelte eleven. Handlinga eller ytringa må tolkast i lys av kontekst og intensjonen avsendaren har. Det finst subtile former for mobbing eller andre former for krenkjande oppførsel der handlinga isolert sett ikkje vil utgjere ei krenking, men der konteksten eller intensjonen til avsendaren gjer at det likevel vil vere naturleg å forstå handlinga som ei krenking. Det kan vere snakk om kommentarar, «blikking» eller andre former for kommunikasjon, til dømes for å markere at mottakaren ikkje høyrer til, eller at personen står utanfor eit fellesskap.
Sjølv om krenkingsomgrepet ikkje er subjektivt, er det likevel ikkje slik at terskelen for kva som er krenkjande, er lik for alle elevar. Til dømes kan alderen på elevane ha noko å seie for kva handlingar og ytringar som blir rekna for å vere krenkjande. Personlege forhold ved den enkelte eleven har også betydning for om noko må reknast for å vere krenkjande. Det kan vere personlege forhold som livssynet til eleven, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, at eleven har åtferdsvanskar eller sosio-emosjonelle vanskar, eller forhold ved familie- og heimesituasjonen til eleven. Det har også noko å seie om eleven er særskilt sårbar, og om dette er synleg for omgivnadene. At ein elev tidlegare har vore utsett for krenkingar, kan gjere vedkommande særskilt sårbar.
Sjølv om vurderinga av kva handlingar og ytringar som ikkje skal godtakast, skal komme an på ei heilskapleg vurdering, har dei tilsette alltid, uavhengig av om det ligg føre krenkjande oppførsel eller ikkje, ei aktivitetsplikt etter § 12-4 dersom den enkelte eleven sjølv opplever å ikkje ha det trygt og godt på skolen.
Andre ledd stiller krav til skolane om at dei kontinuerleg skal arbeide for å sikre at elevane har eit trygt og godt skolemiljø. Målet med arbeidet er å førebyggje at forhold som inneber at elevane ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, oppstår. Arbeidet skal omfatte både det fysiske og det psykososiale miljøet og omfattar alt frå reinhald og vedlikehald av bygningsmasse og utstyr til det skolen gjer for å førebyggje, oppdage og handtere krenkjande oppførsel. I det førebyggjande arbeidet må skolen også rette merksemda mot forhold av meir strukturell karakter. Til dømes må skolen jobbe for å motarbeide rasisme, kjønnsdiskriminering og andre former for diskriminering på eit meir systematisk plan, og som ikkje nødvendigvis alltid kjem til uttrykk ved konkrete krenkingar, som del av det førebyggjande arbeidet til skolen. Regelen inneber at det ikkje er nok at skolen oppfyller pliktene i §§ 12-4, 12-5 og 12-7 og reagerer ved kjennskap til eller mistanke om at retten elevane har til eit trygt og godt skolemiljø, er broten.
Plikta kjem i tillegg til, men er noko anna enn internkontrollkravet etter kommunelova § 25-1. Regelen pålegg kommunane og fylkeskommunane kontinuerleg å drive førebyggjande arbeid på skolemiljøfeltet. Kva slags førebyggjande tiltak og aktivitetar som skal gjerast, må vurderast konkret etter lokale undersøkingar og forhold. Det følgjer av kommunelova § 25-1 at kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll med administrasjonsverksemda for å sikre at lover og forskrifter blir følgde. Internkontrollen etter kommunelova § 25-1 skal mellom anna vere systematisk. Kravet inneber mellom anna at kommunen og fylkeskommunen må arbeide systematisk med førebyggjande tiltak etter § 12-3 andre ledd.
Førebyggjande tiltak kan setjast i verk både på skole-, gruppe- og individnivå, og det er viktig at elevane sjølve får delta i utforminga av dette arbeidet, jf. §§ 10-2 og 10-4. Foreldra skal også involverast i skolemiljøarbeidet, jf. §§ 10-3 og 10-4.
Statsforvaltaren kan føre tilsyn med det førebyggjande arbeidet til skolen, jf. § 29-2.