Opplæringslova
§ 12-4 Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt)
Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev.
Alle som arbeider på skolen, skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Det gjeld også når ein elev seier sjølv at ho eller han ikkje har det trygt og godt. Skolen skal snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen i alvorlege tilfelle.
Skolen skal lage ein skriftleg plan for tiltaka i ei sak. I planen skal det stå
- kva problem tiltaka skal løyse
- kva tiltak skolen har planlagt
- når tiltaka skal gjennomførast
- kven som skal gjennomføre tiltaka
- når tiltaka skal evaluerast
Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til andre ledd, i den forma og det omfanget som er nødvendig.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-4 med nokre språklege endringar og presiseringar, som ikkje er meinte å medføre nokon realitetsendringar. Paragrafen er omtalt i punkt 33.6 i Prop. 57 L (2022–2023).
Aktivitetsplikta gjeld det psykososiale skolemiljøet til elevane og inneheld fem handlingsplikter. I tillegg oppstiller paragrafen ei plikt til å dokumentere kva som blir gjort for å overhalde aktivitetsplikta. Elevane har rett til å medverke, og kravet om det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2. Kva elevar som skal høyrast i skolemiljøsaker, og korleis dette skal gå føre seg, vil komme an på den konkrete saka og alderen og modnaden til elevane. Det er inga nedre aldersgrense for retten til å bli høyrt. Skolen skal høyre både den eleven som ein mistenkjer eller kjenner til at ikkje har det trygt og godt, og andre elevar som er direkte påverka eller involverte i saka. Det skal leggjast vekt på omsynet til alle involverte elevar. For at retten elevane har til medverknad, skal vere reell, må skolen sørgje for at elevane får informasjon om prosessen og blir inviterte til å beskrive situasjonen slik dei opplever han, og gi uttrykk for meiningane sine, sin vilje og sine ønske.
Pliktene til å følgje med, gripe inn og melde frå er plikter som gjeld for alle «som arbeider på skolen». Desse pliktene er individuelle plikter for den enkelte knytt til at dei regelmessig oppheld seg på skolen, skolefritidsordninga eller leksehjelpeordninga for å gjere arbeid eller teneste der og derfor har kontakt med eller observerer elevane. Personkrinsen omfattar alle som har eit tilsetjingsforhold til skolen, kommunen eller fylkeskommunen, uavhengig av om det er heiltid eller deltid, fast eller mellombels, kort- eller langvarig. Også andre som yter arbeid eller gjer teneste på skolen og jamleg oppheld seg på skolen, er omfatta av formuleringa «som arbeider på skolen», uavhengig av kven som er arbeidsgivaren deira, eller om dei får lønn. Derimot skal ikkje personar som berre meir tilfeldig eller no og då er på skolen, omfattast.
Omfanget av plikta til den enkelte avheng av kva rolle, kva oppgåver og kva posisjon vedkommande har på skolen. Det krevst meir av tilsette som har ei omsorgsrolle overfor elevane, enn det krevst av tilsette med andre typar arbeidsoppgåver. Det vil til dømes krevjast meir av lærarar, assistentar, miljøarbeidarar og rektorar enn det krevst av vaktmeistrar, reinhaldsarbeidarar og kantinepersonale. Selskap og sjåførar som utfører skoleskyssen, er ikkje omfatta av regelen.
Plikta til å undersøkje saka, setje inn tiltak, lage ein skriftleg plan og dokumentere at plikta er oppfylt, er lagd til «skolen». Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og kommunen og fylkeskommunen er ansvarlege for oppfyllinga, jf. § 28-1 første ledd og § 28-2 første ledd.
Rektor har også eit personleg ansvar etter denne regelen ettersom rektor kan straffast etter § 12-9 ved brot på enkelte av pliktene som er lagde til skolen.
Plikta til å «følgje med» i første ledd inneber ei plikt for den enkelte til å vere årvaken og aktivt observere korleis elevane agerer kvar for seg og seg imellom. Plikta gjeld også forholdet mellom elevar og tilsette på skolen. At dei tilsette følgjer med, er ein nødvendig føresetnad for at dei skal få mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt. Slik mistanke eller kjennskap utløyser andre delplikter i aktivitetsplikta. Saman med plikta til førebyggjande arbeid, jf. § 12-3 andre ledd, føreset plikta til å følgje med til dømes at det blir gjennomført inspeksjonar på skoleområdet og tilsyn i garderobar, og at det er ein låg terskel for å bry seg med kva elevane driv med. Korleis det blir følgt med, må tilpassast konkrete omstende rundt elevane og ved skolen, til dømes alderen på elevane, samansetninga til elevgruppa, forhold ved skoleanlegget osv.
Plikta til å «gripe inn» er knytt til krenkjande oppførsel som vedkommande sjølv er vitne til, og som framleis går føre seg. Ofte vil det handle om omgåande å stanse negativ oppførsel, til dømes ved å bryte opp ein slåstkamp eller stanse anna fysisk krenking, stanse ein utfrysingssituasjon eller stanse og irettesetje elevar som krenkjer andre elevar verbalt. Krenkingsomgrepet i denne regelen er objektivt i den forstand at det må gå ut på ei heilskapleg vurdering, og ikkje berre på opplevinga til den enkelte eleven, av kva som er krenkjande oppførsel. Omgrepet krenking skal forstås på same måte som i § 12-3 første ledd, sjå merknadane til § 12-3 første ledd. Plikta avgrensar seg til inngrep som er moglege for den som arbeider på skolen å gjennomføre, av omsyn til både elevane og hen sjølv. Plikta til å gripe inn gir ikkje ein sjølvstendig heimel til å gripe inn fysisk overfor elevane. Plikta er derfor avgrensa til tiltak som er lovlege å gjennomføre, anten innanfor skolens oppdragar- og omsorgsansvar eller innanfor reglane om nødrett og nødverje. Det er viktig at dei som arbeider på skolen, i tillegg til å kjenne til plikta til å gripe inn, også har kunnskap om kva som er lov, og om korleis slik innblanding bør gjerast. Det er plikta til kommunane og fylkeskommunane å sørgje for at skolen har rett og nødvendig kompetanse for å kunne oppfylle pliktene og rettane etter lova, jf. § 17-1.
Andre ledd første punktum pålegg alle som arbeider på skolen, ei plikt til å melde frå til rektor om alle mistankar om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt. Departementet understrekar at plikta til å melde frå i skolemiljøsaker ikkje må forvekslast med meldeplikta til barnevernet, sjå lovforslaget § 24-3 og barnevernslova § 13-2.
Ordlyden «trygt og godt» siktar til det psykososiale skolemiljøet til elevane og retten etter § 12-2. Å ha det trygt og godt omfattar meir enn fridom frå krenkjande oppførsel. Elevane har rett til eit skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Retten blir ikkje avgrensa av årsaka til at eleven opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt. Det avgjerande for vurderinga er korleis eleven subjektivt opplever å ha det medan hen er på skolen, skolefritidsordninga eller leksehjelpetilbodet. Dette i motsetning til vurderinga om ei krenking har skjedd, som er ei objektiv vurdering. At årsaka til utryggleiken eller mistrivselen til eleven er forhold som har skjedd utanfor skoletida eller utanfor skoleområdet, avgrensar ikkje aktivitetsplikta til skolen så lenge opplevinga til eleven av skolemiljøet blir påverka negativt av det. Dette er mellom anna aktuelt i samband med digital mobbing, der den krenkjande oppførselen typisk kan skje utanom skoletida. Tilsvarande kan mobbing eller andre negative opplevingar tilbake i tid påverke om ein elev opplever at det er trygt og godt å vere på skolen no. Sjå også om verkeområdet for reglane om skolemiljø i merknaden til § 12-1.
Skolen har eit skjerpa ansvar for å vareta elevar med ei særskild sårbarheit og elevar som er særleg utsette for krenkjande oppførsel. At ein elev tidlegare har vorte mobba eller utsett for negative opplevingar på skolen, kan til dømes gjere ein elev særskilt sårbar. Personlege forhold hos den enkelte eleven kan gjere at eleven er særleg utsett for krenkjande oppførsel. Det kan vere personlege forhold knytt til til dømes religionen til eleven, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, til at eleven har åtferdsvanskar eller sosio-emosjonelle vanskar, eller til forhold ved familie- og heimesituasjonen til eleven.
Terskelen for kva som vekkjer ein mistanke om eller gir kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal vere låg. Ein mistanke om at ein elev ikkje har det trygt og godt, kan basere seg på observasjonar av elevane, undersøkingar eller kartleggingar, beskjedar frå foreldre eller medelevar, aktivitet i sosiale medium osv.
Rektor kan delegere ansvaret for å ta imot slike meldingar til ein annan person på skolen. Rektor er likevel ansvarleg for at meldingane blir følgde opp med ei undersøking og med tiltak dersom det er nødvendig, jf. undersøkingsplikta i og tiltaksplikta i tredje ledd tredje punktum. At det blir meldt frå til rektor, betyr likevel ikkje at alle undersøkingar skal gjerast av rektor.
Undersøkingane i ei sak vil ofte utførast av andre enn rektor, og rett nivå for tiltaka kan til dømes vere klassen eller trinnet.
All mistanke om og kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal meldast frå om. Tidspunktet for når det skal meldast frå, er ikkje lovregulert. For at plikta skal ha ei hensikt, må tidspunktet stå i forhold til alvoret i saka. Vurderinga av kor raskt ein skal melde frå, må gjerast frå sak til sak, og det må takast omsyn til formålet med regelen og at skolemiljøsaker er tidssensitive. I nokre tilfelle er det er nødvendig å melde frå til rektor straks, medan det i andre tilfelle kan vere forsvarleg å vente noko lenger, til dømes til slutten av skoledagen eller til vekefaste oppsummeringar eller liknande.
Andre ledd andre punktum oppstiller same plikta til å melde frå til rektor dersom ein elev sjølv seier frå om at det ikkje er trygt og godt på skolen. Det skal ikkje stillast strenge krav til kva det er å «seie» at ein ikkje har det trygt og godt. Ein kan ikkje forvente at elevane bruker ordlyden i lova eller omgrepa til vaksne. Det er ansvaret til skolen å fange opp at eleven seier frå om at skolemiljøet ikkje er trygt og godt.
Etter andre ledd tredje punktum har skolen plikt til å undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak etter å ha fått ei melding etter andre ledd første eller andre punktum.
Det gjeld same låge terskel for undersøkingsplikta som for plikta til å melde frå. Det er likevel skolen som har ei plikt til å undersøkje, ikkje den enkelte som arbeider der. Undersøkingane skal setjast i verk «snarast». Uttrykket er likestilt med så snart som mogleg eller utan ugrunna opphald. I praksis betyr det at undersøkingsaktivitetar skal skje så snart det lèt seg gjere, og ei utsetjing må kunne grunngivast.
Plikta til å «undersøkje saka» inneber at det må hentast inn nok informasjon til å kunne avdekkje kva som har skjedd, og om éin eller fleire elevar opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt. Kor grundig ein mistanke skal undersøkjast, må vurderast skjønnsmessig og vere avhengig av formålet og kva slags situasjon ein står overfor. Undersøkingane må ha som formål å få fram fakta om ein situasjon, bakgrunnen for opplevinga til eleven og kva forhold i omgivnadene til eleven som påverkar korleis eleven har det på skolen. Dette kan krevje at undersøkingane også handlar om å avklare og opplyse forhold som har skjedd tilbake i tid eller utanfor skoletida og skoleområdet. Dersom undersøkinga viser at det er elevar som ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, eller i saker der eleven sjølv har sagt frå, må informasjonen som kjem fram i undersøkinga, i neste omgang brukast til å vurdere kva tiltak som skal setjast inn.
Dersom ein elev fortel at eleven har vorte krenkt av ein annan elev eller ein som arbeider på skolen, må den som blir skulda for å ha krenkt eleven, også kunne få komme med sitt syn på saka. At det i denne samanhengen må innhentast informasjon og synspunkt frå fleire enn eleven sjølv, følgjer også av at krenkingsomgrepet er objektivt.
Formålet med undersøkinga er å få eit tilstrekkeleg grunnlag til å oppfylle plikta til å setje inn «eigna tiltak», omtalt som tiltaksplikta.
Skolen skal setje inn tiltak sjølv om undersøkinga viser at det etter ei heilskapleg vurdering ikkje har skjedd nokon krenkingar mot eleven. Så lenge eleven sjølv opplever å ikkje ha det trygt og godt, skal skolen setje inn tiltak for å hjelpe eleven. Tiltaka treng ikkje å rette seg mot utvalde enkeltelevar, men kan rette seg mot større eller mindre problem eller miljøutfordringar på skolen. I nokre tilfelle kan også tiltaka gå ut på å rettleie eleven og å setje eleven betre i stand til å handtere det som blir opplevd som vanskeleg.
Skolen har også plikt til å setje inn eigna tiltak dersom undersøkingar som skolen har utført på eige initiativ, viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Dette betyr at skolen i nokre tilfelle skal setje inn tiltak på eige initiativ, dersom eleven sjølv ikkje har bede om eller ønskjer det. Sjå elles §§ 10-1 og 10-2 om det beste for eleven og retten elevane har til medverknad. Departementet understrekar i den samanhengen at retten til å bli høyrd og til å medverka gjeld for alle elevar. Elevar som er mistenkte for å krenkje andre elevar, eller som har krenkt andre elevar, skal ha same rettstryggleik og rett til å bli høyrd som eleven som har blitt utsett for krenkingane. Elevar som opptrer utagerande og aggressivt og krenkjer andre elevar, kan også sjølve oppleve at det ikkje er trygt og godt på skolen, og sjølve ha behov for støtte, hjelp og tiltak.
Plikta til å setje inn tiltak omfattar også ei plikt til å følgje opp tiltaka, evaluere verknaden og eventuelt leggje til eller endre tiltak dersom det er nødvendig for å nå målet. Kor omfattande evaluering som må gjerast, vil variere ut frå arten til saka.
At tiltaka skal vere «eigna», inneber for det første av tiltaka må vere lovlege. Plikta til å setje inn tiltak gir ikkje ein heimel til å gripe inn fysisk overfor elevane. Plikta er derfor også avgrensa til tiltak som anten ikkje krev lovheimel, eller som kan gjennomførast med heimel i andre reglar i lova. Skolereglane er relevante i denne samanhengen, sjå § 10-7.
At tiltaka skal vere «eigna», inneber for det andre at dei skal kunne føre til at eleven får det trygt og godt. Tiltaka må tilpassast den konkrete saka, mellom anna kva som er årsaka til at eleven ikkje har det trygt og godt.
Plikta til å «rette opp situasjonen med eigna tiltak» inneber at skolen har plikt til å setje inn dei eigna tiltaka som finst, og som er tilgjengelege for skolen. Skolen må aktivt søkje etter moglege og eigna tiltak. Ofte vil det vere behov for fleire tiltak i samanheng for at tiltaka i sum skal vere eigna til å løyse problemet. Tiltaka treng ikkje å rette seg mot utvalde enkeltelevar, men kan rette seg mot større eller mindre problem eller miljøutfordringar på ulike nivå i skolen. Det kan også dreie seg om kurs, endring av kultur og haldningar hos dei som arbeider på skolen. Dersom årsaka til at ein elev opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, er forhold utanfor skoletida og skoleområdet, vil skolen ha meir avgrensa moglegheit til å rette opp dette. Men skolen skal så langt det finst eigna tiltak sørgje for at retten eleven har etter § 12-2, blir oppfylt. Dersom årsaka til at eleven opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, er forhold utanfor skolen, må skolen likevel søkje etter alle eigna måtar å hjelpe eleven på. Dette kan vere gjennom tiltak som blir sette inn på skolen, men som har effekt utanfor skoletida og skoleområdet. I tillegg må det vurderast om det er andre instansar skolen bør involvere eller varsle, til dømes helse- og omsorgstenesta, barneverntenesta eller den oppsøkjande tenesta i kommunen.
Plikta til å setje inn tiltak varer til situasjonen er retta opp og eleven har det trygt og godt. Det inneber at plikta til skolen gjeld så lenge eleven opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt. Aktivitetsplikta blir oppfylt gjennom at skolen kontinuerleg vurderer kva tiltak som er aktuelle, set inn dei tiltaka som etter ei fagleg vurdering blir rekna som eigna, og stadig evaluerer og eventuelt justerer tiltaka for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Dette betyr ikkje at skolen alltid må setje inn det tiltaket som eleven eller foreldra ønskjer. Men det betyr at skolen må halde fram med å prøve å hjelpe eleven til å få det betre på skolen. Det kan vere enkelte tilfelle der skolen ikkje greier å oppnå at eleven får det trygt og godt, fordi det ikkje er fagleg forsvarleg å gjere det eine tiltaket eleven meiner er nødvendig. Men skolen kan ikkje slutte å prøve. Skolen må halde fram med å gjere det han kan for at eleven skal få det trygt og godt.
Alle tiltak skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering. Det betyr at skolen må bruke eit relevant kunnskapsgrunnlag og i lys av både erfaringar, forskingsgrunnlag og den lokale konteksten finne fram til eigna tiltak. Dette føreset at dei tilsette har oppdatert og tilstrekkeleg kompetanse om regelverket, skolemiljø og arbeid mot krenkjande oppførsel. Kommunane og fylkeskommunane må sørgje for at alle som er omfatta av aktivitetsplikta, har nødvendig og tilstrekkeleg kompetanse til å gjere dei vurderingane som er nødvendige, og setje i verk tiltak som verkar etter hensikta, jf. § 17-1.
Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen «i alvorlege tilfelle», jf. andre ledd fjerde punktum. Plikta til å melde frå gjeld uavhengig av korleis rektor får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Det har ikkje betydning for plikta til å melde frå om det er skolen som avdekkjer at eleven ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, eller om det er eleven sjølv som gir beskjed om at han eller ho ikkje har det trygt og godt. Kva som er alvorlege tilfelle, vil komme an på ei skjønnsmessig vurdering ut frå formålet med å melde frå. Døme på kva som typisk blir rekna som alvorleg, er saker der krenkingane er særleg valdelege eller på andre måtar svært integritetskrenkjande. Andre døme er når fleire elevar har mobba éin elev, eller der leiinga i skolen over noko tid ikkje har klart å løyse saka. Digital mobbing på tvers av skolar eller grove truslar via til dømes sosiale medium kan også vere alvorlege. At handlingane kan påtalast, eller at saka har fått merksemd i lokalsamfunnet, kan også vere ein indikasjon på alvorsgraden og behovet for varsling. Kommunane og fylkeskommunane kan fastsetje eigne rutinar for når skolane skal melde frå til kommunenivået, med ein lågare terskel enn det lova krev.
Rektor kan ikkje utsetje å melde frå til kommunen eller fylkeskommunen til undersøkingar etter andre ledd andre punktum er ferdige. Rektor kan derimot gjere enkelte undersøkingar dersom desse kan gjerast raskt og det er nødvendig for å kunne ta stilling til om saka er alvorleg. Dersom rektor er i tvil og det trengst grundige undersøkingar for å vurdere om saka er alvorleg, skal saka meldast vidare til kommunen eller fylkeskommunen.
Plikta i tredje ledd til å lage ein plan for tiltaka blir utløyst samtidig som plikta til å setje inn tiltak, jf. andre ledd tredje punktum. Omfanget av opplysningar under kvart av punkta i bokstav a) til e) må tilpassast saka. Ein tiltaksplan (også omtalt som aktivitetsplan) treng ikkje å knyte seg til éin bestemt elev, men kan ta for seg ein situasjon eller ei utfordring som omfattar fleire. Det blir ikkje stilt formkrav til planen utover at han skal vere skriftleg.
Planen er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Reglane i forvaltningslova om prosess og innhald kjem derfor ikkje til bruk.
Dokumentasjonskravet i fjerde ledd inneber at skolen må dokumentere korleis dei ulike delpliktene i aktivitetsplikta er oppfylte. Kor mykje som er nødvendig å dokumentere, og kva form det skal dokumenterast i, må vurderast ut frå formålet med dokumentasjonsplikta og risikoen for elevane. Jo høgare risiko det er for at elevar ikkje har det trygt og godt på skolen, desto strengare krav blir stilt til mengda dokumentasjon og til kor grundig denne må vere. Kommunane, fylkeskommunane og skolane har relativt stor fridom når det gjeld forma for dokumentasjonen. Døme på dokumentasjonsformer er referat, loggar, notat, prosedyrar og liknande. Eit minimumskrav til dokumentasjonen er at arbeidet til skolen i enkeltsaker skal vere klargjort på ein slik måte at elevar og foreldre forstår og kan setje seg inn i kva som blir gjort i saka.
Det krevst ikkje at skolen kan dokumentere om og korleis dei har følgt med på kvar enkelt elev. Skolen må kunne dokumentere korleis skolen generelt følgjer med, til dømes gjennom inspeksjonsrutinar, inspeksjonslogg med vidare. I tillegg må skolen dokumentere ut frå risiko. Til dømes kan det vere enkelte område som er særleg utsette. Det kan vere spesielt sårbare elevar, eller det kan vere situasjonar i gang som skolen er kjend med eller har mistanke om. Dersom det er ein særleg risiko for at elevar kan bli utsette for krenkingar eller på annan måte ikkje har det trygt og godt, blir det stilt strengare krav til dokumentasjonen frå skolen av korleis han har følgt med.
Når det gjeld plikta til å gripe inn, er det ikkje nødvendig at skolen dokumenterer kvart tilfelle av irettesetjing av elevar. Men dersom episoden som det blir gripe inn mot, er alvorleg eller det trengst stor innblanding, må dette dokumenterast.
Når det gjeld plikta til å melde frå til rektor, kommunen og fylkeskommunen, vil meldinga i seg sjølv vere dokumentasjon dersom det blir meldt frå skriftleg. Ved munnlege meldingar må det dokumenterast på annan måte, til dømes gjennom møtereferat eller loggar.
Dersom ei undersøking fører til tiltak, skal det finnast dokumentasjon i form av tiltaksplanen, jf. tredje ledd. Tiltaksplanen (også omtalt som aktivitetsplanen) skal omhandle kva problem planen skal løyse, og her er det naturleg at det kjem fram korleis saka er undersøkt. Dersom undersøkinga ikkje fører til tiltak, må det vurderast konkret om og i så fall kor mykje som må dokumenterast. Dersom undersøkinga til dømes går ut på å snakke med dei involverte elevane og det viser seg å vere ei misforståing som blir oppklart på staden, er det ikkje nødvendig at dette blir dokumentert. Dersom saka krev vidare undersøkingane eller skolen er i tvil om det bør setjast inn tiltak, skal undersøkingane til skolen dokumenterast. Ofte vil undersøkingane dreie seg om møte med elevar, tilsette og foreldre, og referat vil vere ein naturleg måte å dokumentere slike undersøkingar.