Opplæringslova
§ 12-5 Skjerpa plikt til å melde frå dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev
Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, krenkjer ein elev, skal vedkommande straks melde frå til rektor. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen, med mindre meldinga er openbert grunnlaus.
Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein i leiinga ved skolen krenkjer ein elev, skal vedkommande melde frå til kommunen eller fylkeskommunen direkte.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-5 med enkelte endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 33.7 i Prop. 57 L (2022–2023).
Ordlyden «ein som arbeider på skolen» i denne paragrafen skal forståast tilsvarande som i § 12-4.
Første ledd første punktum pålegg dei som arbeider på skolen, ei plikt til å melde frå til rektor ved alle mistankar om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, skolefritidsordninga eller leksehjelpeordninga, utset eller har utsett ein elev for krenkjande oppførsel. Krenkingsomgrepet i denne regelen er objektivt på den måten at det må gå ut på ei heilskapleg vurdering, og ikkje berre opplevinga til den enkelte eleven, av kva som er krenkjande oppførsel. Omgrepet krenking skal forstås på same måte som i § 12-3 første ledd, sjå merknadane til § 12-3. Det gjeld same låge terskel for plikta til å melde frå her, som etter aktivitetsplikta i § 12-4. Mistanke er tilstrekkeleg. I utgangspunktet er det opp til den tilsette etter ei konkret vurdering å ta stilling til om det er grunn til mistanke om at ein som arbeider på skolen, krenkjer eller har krenkt ein elev. Men det vil alltid gi grunnlag for mistanke dersom ein elev sjølv seier at det har skjedd.
At det skal meldast frå «straks», betyr at ein ikkje skal utsetje å melde frå. At ein tilsett krenkjer ein elev, er så alvorleg at saka ikkje kan vente, ut over eventuelt til neste pause eller friminutt.
Første ledd andre punktum slår fast at rektor skal melde frå vidare til kommunen eller fylkeskommunen, med mindre meldinga er «openbert grunnlaus». Terskelen inneber at rektor kan undersøkje ei melding frå dei tilsette før rektor melder vidare til kommunen eller fylkeskommunen. Dette er avgrensa til ei rask undersøking for å vurdere om meldinga er openbert grunnlaus. Undersøkinga skal avgrense seg til om hendinga klart ikkje kan definerast som ei krenking (til dømes fagleg usemje eller irettesetjing som er innanfor samfunns- og oppdragaransvaret for skolen) eller dersom den påståtte krenkinga klart ikkje kan ha skjedd. Det skal vere ein svært låg terskel for melding. Den tilsette har ikkje rett til å uttale seg i samband med at kommunen eller fylkeskommunen får melding. Tilsette som blir påstått å ha krenkt ein elev, får moglegheita til å uttale seg gjennom plikta skolen har til å undersøkje saka nærare. Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter opplæringslova, sjå § 10-2, og vurderingane til departementet i punkt 21.5.1. Dette inneber at saka ikkje skal meldast til kommunen eller fylkeskommunen utan at eleven er kjend med det og har fått moglegheita til å uttale seg om hen ønskjer det. Meininga til eleven skal i denne samanhengen vektleggjast i samsvar med alderen og modnaden til eleven.
Andre ledd pålegg dei som arbeider i skolen, sjølve å melde frå til kommunen eller fylkeskommunen dersom dei har mistanke om eller kjennskap til at det er ein i leiinga i skolen som krenkjer eller har krenkt ein elev. Omgrepet krenking skal forstås på same måte som i § 12-3 første ledd, sjå merknadane til § 12-3 første ledd. Det er ingen konflikt mellom reglane i forvaltningslova om teieplikt og den skjerpa plikta til å melde frå her. Ikkje alle opplysningane vil vere av ein art som blir omfatta av teieplikta i forvaltningslova § 13, og teieplikta står uansett ikkje i vegen for utveksling av opplysningar internt i eit forvaltningsorgan når utvekslinga skjer for å utføre dei oppgåvene som opplysninga er innhenta for, jf. forvaltningslova § 13 b. Kanalar for å melde frå til skoleleiing og kommunen og fylkeskommunen må likevel ha tilfredsstillande informasjonssikkerheit slik at krava i personopplysningslova og personvernforordninga (ofte kalla GDPR) blir varetekne.
Resten av delpliktene og krava i aktivitetsplikta i § 12-4 gjeld også i tilfelle der eleven ikkje har det trygt og godt fordi eleven blir eller har vorte krenkt av ein som arbeider på skolen.