Opplæringslova
§ 12-6 Statsforvaltaren si handheving av plikta til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø i enkeltsaker
Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til statsforvaltaren etter at saka er tatt opp med rektor.
Statsforvaltaren skal avgjere om plikta til å rette opp situasjonen med eigna tiltak etter § 12-4 andre ledd og plikta til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd er oppfylt. Dersom saka ikkje er tatt opp med rektor, det er under ei veke sidan ho vart tatt opp eller eleven ikkje lenger går på den aktuelle skolen, skal statsforvaltaren avvise saka, om det ikkje er særlege grunnar til å behandle ho.
Kommunen og fylkeskommunen skal utan hinder av lovfesta teieplikt leggje fram alle opplysningar som statsforvaltaren meiner må til for å greie ut saka.
Kjem statsforvaltaren til at skolen ikkje har oppfylt plikta til setje inn eigna tiltak etter § 12-4 andre ledd eller plikta til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd, kan statsforvaltaren påleggje kommunen eller fylkeskommunen å rette forholdet. Dersom saka elles vil bli unødig forseinka, eller dersom det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje kjem til å rette forholdet, kan statsforvaltaren vedta kva skolen skal gjere for at eleven skal få eit trygt og godt skolemiljø. Statsforvaltaren kan vedta reaksjonar etter skolereglane, jf. § 10-7, eller vedta at ein elev skal byte skole, jf. § 13-2.
Avgjerda til statsforvaltaren er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren skal setje ein frist for gjennomføringa av vedtaket og følgje opp saka.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9 A-6 med nokre endringar. Paragrafen er omtalt i punkt 33.8 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd slår fast at ein elev eller foreldra til ein elev som opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, kan melde saka til statsforvaltaren. Ordlyden «trygt og godt skolemiljø» skal forståast som ei tilvising til det psykososiale skolemiljøet som eleven har rett til etter § 12-2. Eit trygt og godt skolemiljø omfattar meir enn fridom frå krenkingar og skal dessutan ikkje avgrensast av årsaka til at eleven opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt. Sjå elles merknadane til §§ 12-2 og 12-4.
Saka må vera teken opp med rektor før ho blir meld til statsforvaltaren. Statsforvaltaren kan ikkje krevje sikker dokumentasjon for at saka har vore teken opp med rektor. Det vil vere tilstrekkeleg at eleven og foreldra kan sannsynleggjere overfor statsforvaltaren at saka er teken opp med rektor. Dersom rektor har delegert oppgåva til ein tilsett, og eleven eller foreldra har meldt saka til den tilsette, vil kravet om at saka må være teken opp med rektor, vere oppfylt (også der den tilsette ikkje har vidareformidla saka til rektor). Dersom rektor ikke har delegert oppgåva, må eleven eller foreldra ta kontakt med rektor, om ikkje saka allereie er tatt opp med rektor av ein tilsett. Dersom det er ein i skoleleiinga eller rektor sjølv som har krenkt ein elev, og som er skuld i at eleven ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan det likevel ikkje krevjast at eleven eller foreldra melder frå til rektor. Departementet viser til at i slike tilfelle vil det liggje føre «særlege grunnar» som nemnt i andre ledd til å behandle saka sjølv om ho ikkje har vore teken opp med rektor. Sjå elles merknaden til andre ledd andre punktum nedanfor.
Eleven kan, uavhengig av alder, melde saka til statsforvaltaren utan at foreldre har samtykt eller har kjennskap. Retten foreldra har til å melde inn saka, gjeld uavhengig av kven av dei barnet bur fast hos. Eleven eller foreldra kan også peike ut ein annan person til å melde saka til statsforvaltaren, på vegner av eleven, jf. forvaltningslova § 12. Barneverntenesta kan melde saka til statsforvaltaren ved omsorgsovertaking, flytteforbod og akuttplassering, jf. § 24-4.
Andre ledd første punktum gir eleven og foreldra ein rett til å få prøvd spørsmålet om skolen har oppfylt tiltaksplikta etter § 12-4 andre ledd og plikta til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd. Vurderingstemaet er om skolen har sett inn dei tiltaka som innanfor rimelege grenser kan forventast i den aktuelle saka for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt psykososialt skolemiljø, jf. § 12-2. Dette svarer langt på veg til vurderingstemaet Høgsterett har lagt til grunn i praksisen sin, jf. Rt-2012-146. Statsforvaltaren må greie ut fakta i saka og gjere ei fagleg vurdering av om skolen har gjort det som innanfor rimelege grenser kunne forventast ut frå tilgjengeleg kunnskap og krava i regelverket. Det avgjerande for vurderinga vil vere om skolen har sørgt for, og eventuelt framleis vil sørgje for, å vurdere og evaluere ulike tiltak og setje inn tiltak som etter ei fagleg vurdering er eigna til å sikre eleven eit trygt og godt skolemiljø. Sjå merknaden til § 12-4 andre ledd.
Dersom eleven har fått det trygt og godt undervegs i saksbehandlinga, avsluttast saka. Då vil det ikkje lenger vere nokon aktuelle tiltak eller ein aktuell plan som statsforvaltaren skal overprøve. Det er eleven si eiga oppleving av skolemiljøet som må leggjast til grunn i vurderinga om eleven har fått eit trygt og godt skolemiljø. Det må stillast strenge krav til å avvise eller avslutte behandlinga på bakgrunn av at ein elev har fått eit trygt og godt skolemiljø igjen. Ein elev kan føle at situasjonen har forbetra seg for ein kortare periode, utan at det underliggjande skolemiljøproblemet er løyst, og det kan også finnast tilfelle der ein elev ikkje tør å gi uttrykk for korleis hen eigentleg har det. Eleven og foreldra må aktivt informere statsforvaltaren om at eleven har fått det trygt og godt igjen slik at saka derfor kan avsluttast, for at statsforvaltaren skal kunne avslutte saka på dette grunnlaget.
Statsforvaltaren skal ikkje prøve sjølvstendig om retten eleven har til eit trygt og godt skolemiljø, jf. § 12-2, er oppfylt. Dette er ikkje eit spørsmål som kan overprøvast, ettersom det avheng av eleven si eiga oppleving av skolemiljøet. Statsforvaltaren må likevel implisitt ta stilling til om skolemiljøet er trygt og godt, for å kunne avgjere om tiltaka som er sette i verk, er tilstrekkelege.
Andre ledd andre punktum handlar om i kva tilfelle statsforvaltaren skal avvise ei sak. At saka blir avvist, betyr at statsforvaltaren ikkje realitetsbehandlar saka som blir meld inn. Ei avvising er eit vedtak som kan klagast på, jf. forvaltningslova § 2 tredje ledd. Statsforvaltaren har ei rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11. Dette kan innebere å hjelpe elevar eller foreldre med å leggje fram saka for forvaltninga.
Det første avvisingsgrunnlaget er at eleven eller foreldra ikkje først har teke opp saka med rektor. Statsforvaltaren kan ikkje krevje sikker dokumentasjon for at saka har vore teken opp med rektor. Det vil vere tilstrekkeleg at eleven og foreldra kan vise overfor statsforvaltaren at det er sannsynleg at saka er teken opp med rektor. Det blir ikkje stilt formkrav til korleis saka skal takast opp med rektor eller meldast til statsforvaltaren. Ei melding kan skje både munnleg og skriftleg, på papir og elektronisk. For at statsforvaltaren skal kunne behandle saka, må eleven og skolen det gjeld, vere namngitt. Både rektor og statsforvaltaren må ta omsyn til at elevar og foreldre ikkje bruker ord eller uttrykk som samsvarer med ordlyden i lova når saka blir meld. Sjå elles merknadane til første ledd over om kravet til at saka må vere tatt opp med rektor.
Det andre avvisningsgrunnlaget er at det har gått mindre enn éi veke sidan saka vart teken opp. Éi veke vil seie fem arbeidsdagar i tilfelle med fri- og heilagdagar.
Det tredje avvisingsgrunnlaget er at saka ikkje gjeld det psykososiale skolemiljøet på skolen der eleven går. Det er opplevinga til eleven av det noverande skolemiljøet som er avgjerande, ikkje årsakene til at eleven ikkje opplevde at det er trygt og godt på ein annan skole. Ordlyden «den aktuelle skolen» omfattar også skolen der eleven skulle gått dersom eleven av ulike årsaker ikkje kan eller vil møte på skolen, og tilfelle der eleven mellombels og som eit kortvarig tiltak har bytt skole for å vere i eit tryggare miljø enn på (nær-)skolen fram til skolen har sett inn nødvendige tiltak. Det vil ikkje vere grunnlag for å behandle ei skolemiljøsak dersom eleven ikkje lenger går på den aktuelle skolen. Ei vurdering av om skolen har oppfylt plikta til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø, vil i eit slikt tilfelle berre vere tilbakeskodande.
Dersom vilkåra for avvising er oppfylte, skal statsforvaltaren avvise saka dersom det ikkje er særlege grunnar til å behandla henne. Ordlyden «særlege grunnar» inneber ein sikringsventil, slik at saker som er svært alvorlege eller tidssensitive, kan takast til behandling. Det skal vere ein terskel for å ta ei sak til behandling når vilkåra for avvising er oppfylte. Unntaket «særlege grunnar» gjeld for alle avvisingsgrunnlaga. Unntaket kan komme til bruk i til dømes saker som gjeld alvorlege valdshandlingar eller seksuelle krenkingar. Eit anna tilfelle kan vere at det er rektor sjølv som står for krenkinga. I eit slik tilfelle er det urimeleg å krevje at eleven eller foreldra til eleven må ta saka opp med rektor for å kunne få saka behandla hos statsforvaltaren. Det skal mykje til for å behandle saker som gjeld miljøet på skolar der eleven ikkje lenger går. Det kan likevel unntaksvis vere særlege grunnar til å realitetsbehandle slike saker, til dømes dersom det er ei svært alvorleg sak og det har særleg mykje å seie for moglegheita eleven har til å få det trygt og godt på den «nye» skolen.
Det blir ikkje stilt krav til at statsforvaltaren må gjere greie for og grunngi kvifor det ikkje ligg føre særlege grunnar i avvisingsvedtaka sine. Det ligg ikkje føre ei plikt for statsforvaltaren til å vurdere om det ligg særlege grunnar føre i alle saker. Det må vere særlege forhold ved saka som gjer det nødvendig og aktuelt å gå inn i vurderinga. Det høyrer under skjønnet til statsforvaltaren å avgjere om særlege grunnar ligg føre.
I tredje ledd er statsforvaltaren gitt mynde til å krevje å få innsendt alle opplysningar som er nødvendige for å behandle saka. Statsforvaltaren avgjer sjølv om pålegget om å sende inn opplysningar skal rettast til skolen eller kommunen eller fylkeskommunen. Opplysningane kan krevjast overlevert munnleg eller skriftleg. Statsforvaltaren kan setje ein frist for når opplysningane skal vere overleverte. Innsynsretten gjeld uavhengig av lovpålagd teieplikt etter forvaltningslova eller avtalar med skolen eller kommunen eller fylkeskommunen. Dersom statsforvaltaren skal få tilgang til opplysningar frå skolehelsetenesta, fastlegen eller andre med teieplikt etter helsepersonellova, føreset dette samtykke frå den opplysningane gjeld.
Retten elevane har til å medverke, og kravet om at det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, følgjer av §§ 10-1 og 10-2. Kva barn statsforvaltaren skal høyre, og korleis dette skal skje, vil komme an på den konkrete saka og alderen og modnaden til barna. Statsforvaltaren må vurdere om oppfatninga og meininga til elevane kjem tilstrekkeleg fram i saksdokumenta, eller om statsforvaltaren sjølv skal høyre elevane direkte. Det er som regel ikkje tilstrekkeleg for statsforvaltaren å berre høyre den eleven som har meldt saka. Statsforvaltaren må i alle fall høyre alle elevane som saka direkte gjeld. Statsforvaltaren må dessutan sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir gjort vedtak, jf. forvaltningslova § 17. Det kan derfor vere nødvendig å innhente informasjon frå andre elevar, frå foreldre og frå dei som arbeider på skolen og i kommunen eller fylkeskommunen. Kven som må høyrast, og kor grundig saka må greiast ut, må vurderast konkret. Dersom statsforvaltaren skal vedta kva skolen skal gjere, jf. fjerde ledd andre punktum, krevst det grundigare utgreiing av saka enn dersom statsforvaltaren skal påleggje retting.
Fjerde ledd omhandlar myndet statsforvaltaren har til å gjere vedtak. Vedtaket skal rettast mot kommunen eller fylkeskommunen, men vil som regel krevje aktivitet på skolenivå. Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for å sørgje for at vedtaket blir gjennomført. Dersom statsforvaltaren kjem til at det ligg føre brot på plikta til å setje inn eigna tiltak etter § 12-4 andre ledd eller plikta til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd, skal statsforvaltaren som hovudregel påleggje kommunen eller fylkeskommunen å rette forholdet. Det vil seie at statsforvaltaren skal stille krav om at kommunen eller fylkeskommunen finn ei løysing på saka som sikrar at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Unntaksvis kan statsforvaltaren sjølv vedta kva tiltak som skal setjast inn. Dersom saka elles vil bli unødig forseinka, eller dersom det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje kjem til å rette forholdet, kan statsforvaltaren vedta kva skolen skal gjere for at eleven skal få eit trygt og godt skolemiljø. I desse tilfella kan statsforvaltaren også vedta reaksjonar etter skolereglane, jf. § 10-7, eller vedta at ein elev skal byte skole, jf. § 13-2.
Val av tiltak skal baserast på undersøkinga av saka og ikkje berre opplevinga til den enkelte eleven (sjå merknaden til § 12-4 andre ledd). I kva grad det er behov for å innhente informasjon frå andre elevar, avheng av kva slags vedtak som er aktuelt, og om dette vedkjem andre elevar. Kravet i § 10-1 om at det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, omfattar alle involverte elevar, ikkje berre hen som har meldt saka. I nokre tilfelle kan omsynet til dei ulike elevane tale for ulike løysingar. Kva omsyn som skal vege tyngst, og kva tiltak som skal setjast i verk, må vurderast konkret ut frå målet om at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø.
Vedtaka statsforvaltaren gjer, kan ikkje gripe inn i styringsretten til kommunane og fylkeskommunane. Det er kommunen og fylkeskommunen som arbeidsgivarar som er ansvarlege for å etterleve reglane i arbeidsmiljølova. Statsforvaltaren har ikkje styringsrett overfor dei tilsette i skolen. Dette inneber at det ikkje vil vere tilgang til å bestemme at enkeltpersonar som er tilsette ved skolen, skal gjennomføre dei tiltaka som blir bestemte. Slike pålegg vil gripe inn i styringsretten til kommunane og fylkeskommunane.
Statsforvaltaren kan knyte tvangsmulkt til gjennomføring av vedtaket, jf. § 12-8.
Femte ledd inneber at statsforvaltaren si avgjerd er å rekne som eit enkeltvedtak overfor eleven som har meldt saka, og eventuelt andre private personar som avgjerda rettar seg mot. Dette inneber at avgjerda må behandlast etter saksbehandlingsreglane i forvaltningslova kapittel IV og V, og at avgjerda kan klagast på etter forvaltningslova kapittel VI. Avgjerda blir ikkje rekna som enkeltvedtak overfor kommunane og fylkeskommunane. Kommunane og fylkeskommunane har derfor ikkje klagerett. Femte ledd andre punktum pålegg statsforvaltaren å setje ein frist for kommunen eller fylkeskommunen til å oppfylle statsforvaltaren sitt vedtak og å følgje opp saka. Fristen skal givast opp presist. Det vil ikkje vere i samsvar med formålet å fastsetje at eit pålegg skal oppfyllast så snart som mogleg. Kommunen eller fylkeskommunen bør samtidig givast ein frist for å gi tilbakemelding til statsforvaltaren om at vedtaket er gjennomført.
Det kan også bedast om informasjon frå kommunen eller fylkeskommunen som dokumenterer dette.