Opplæringslova
§ 12-7 Det fysiske miljøet
Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det leggjast til rette for dei elevane ved skolen som har nedsett funksjonsevne.
Departementet gir forskrift om saksbehandlinga av saker som gjeld det fysiske skolemiljøet etter §§ 12-2 og 12-7. I slike saker gjeld ikkje § 29-1.
Forarbeid til loven
Paragrafen forenklar dagens lov § 9 A-7. Paragrafen er omtalt i punkt 33.9 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen må sjåast i samanheng med det overordna kravet til skolemiljøet i § 12-2.
Paragrafen må vidare sjåast i samanheng med dei meir detaljerte krava som blir stilte til det fysiske skolemiljøet i forskrift om miljø og helse i barnehagar, skolar og skolefritidsordningar.
Første ledd første punktum slår fast at alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Kva som er arbeidsplassen til elevane, må vurderast konkret. Sjølv om det her er store variasjonar i bygningsmasse, organisering, elevtal, skoleslag og ulike fag, er det nokre haldepunkt. Det må gjelde der elevane oppheld seg når dei får opplæring på skolen, uavhengig av om det er teoretiske eller praktiske fag. Tilpassingane kan gjelde på klasse-/gruppenivå eller på individnivå.
Etter første ledd andre punktum er det ei plikt til å innreie skolen slik at det leggjast til rette for dei elevane ved skolen som har nedsett funksjonsevne. Regelen må sjåast i samanheng med § 11-5, som slår fast at elevar har rett til den fysiske tilrettelegginga dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho.
Etter andre ledd første punktum gir departementet forskrift om saksbehandlinga av saker som gjelder det fysiske skolemiljøet etter §§ 12-2 og 12-7. I forskrifta kan departementet spesifisere framgangsmåten for førespurnader og klagar som gjeld det fysiske skolemiljøet. Ettersom departementet er gitt myndigheit til å utarbeide særskilde reglar om førespurnader og klagar i forskrift, er det fastsett i andre ledd andre punktum at dei ordinære reglane om klage i § 29-1 ikkje gjeld for saker om det fysiske skolemiljøet.