Opplæringslova
§ 13-2 Pålagt skolebyte
Kommunen og fylkeskommunen kan gjere vedtak om at ein elev skal flyttast til ein annan skole dersom oppførselen til eleven går alvorleg ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar.
Ein elev skal ikkje flyttast dersom mindre inngripande tiltak vil kunne avhjelpe situasjonen. Ein elev skal ikkje flyttast dersom det fører til at eleven må flytte ut av heimen, eller gjer at dagleg skyss blir uforsvarleg. Ein elev i den vidaregåande skolen skal heller ikkje flyttast dersom det fører til at eleven må byte utdanningsprogram eller programområde.
Kommunen og fylkeskommunen kan ikkje delegere myndigheita til å gjere vedtak om skolebyte til den enkelte skolen.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 9 A-12 med enkelte endringar og er omtalt i punkt 34.4 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen handlar om pålagt skolebyte, som vil seie at kommunen eller fylkeskommunen bestemmer at ein enkeltelev må byte skole av omsyn til dei andre elevane. Paragrafen gjeld ikkje tilfelle der ein elev sjølv ber om å få byte skole, eller der elevar må byte skole som følgje av skolenedleggingar eller endringar i skolekrinsane.
Første ledd handler om grunnvilkåret for at pålagt skolebyte kan brukast som tiltak. Det er ikkje ei plikt for kommunen og fylkeskommunen å påleggje skolebytet sjølv om vilkåret er oppfylt. Medelevar har heller ikkje ein rett til å krevje at eit skolebyte blir gjennomført. Pålagt skolebyte i grunnskolen inneber at eleven blir pålagd å byte frå den skolen eleven har rett til å gå på etter § 2-6.
Grunnvilkåret for å kunne påleggje skolebyte er at oppførselen til eleven går alvorleg ut over tryggleiken eller læringa til éin eller fleire medelevar. Dersom skolen meiner at skolebyte vil vere det beste for ein elev, men oppførselen til eleven ikkje utgjer eit problem for éin eller fleire medelevar, kan ikkje skolebyte påleggjast. Slikt skolebyte føreset samtykke. Skolebyte kan heller ikkje påleggjast av omsyn til dei tilsette på skolen.
Det er oppførselen til eleven og verknadene av denne som skal vurderast. Dette føreset at skolen gjer grundige undersøkingar, jf. også § 12-4 andre ledd. For at vilkåret for skolebyte skal vere oppfylt, må undersøkingane for det første vise at oppførselen til ein enkeltelev faktisk er ei vesentleg årsak til at éin eller fleire medelevar ikkje har det trygt og godt på skolen eller lærer mindre. Både forhold som skjer på skolen, og forhold som skjer på fritida, kan grunngi skolebyte dersom det påverkar skolemiljøet til andre elevar.
Dei negative verknadene for medelevane må dessutan vere kvalifiserte. Om oppførselen til eleven går «alvorleg» utover tryggleiken eller læringa til andre elevar, må vurderast konkret. I vurderinga skal det takast utgangspunkt i opplevinga til medelevane, men det skal også gjerast ei fagleg vurdering av kva slags oppførsel som vanlegvis er eigna til å gå utover tryggleiken og læringa til andre elevar i alvorleg grad.
Andre ledd regulerer tilfelle der det ikkje kan påleggjast skolebyte sjølv om grunnvilkåret i første ledd er oppfylt.
Andre ledd første punktum fastslår at eleven ikkje kan flyttast dersom «mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege». Kravet inneber at det må vurderast om andre tiltak kan vere tilstrekkelege til å forhindre at oppførselen til eleven går alvorleg utover tryggleiken og læringa til andre elevar. Det inneber at andre tiltak som hovudregel skal prøvast ut og evaluerast før det er aktuelt å påleggje eit skolebyte. Skolebyte vil derfor først og fremst vere aktuelt i saker som har gått føre seg over tid og vorte stadig meir belastande for medelevane, utan at tiltaka som har vore sett inn, har betra situasjonen.
I ekstraordinære tilfelle kan det likevel vere rett, av omsyn til medelevane, at andre tiltak ikkje blir prøvde ut før skolebyte blir gjennomført. Dette vil vere saker der behovet for å verne medelevane er særleg stort. Eit døme kan vere eit tilfelle der undersøkingane viser at ein elev har opplevd eit grovt seksuelt overgrep frå éin eller fleire medelevar, drapsforsøk eller andre ekstreme former for vald, og der det ikkje er forholdsmessig eller rimeleg å krevje at det først skal prøvast ut andre tiltak.
Om andre tiltak er «tilstrekkelege», krev ei vurdering av effekten av ulike tiltak som kan rettast inn mot situasjonen. Det er ikkje nødvendig at mindre inngripande tiltak kan løyse problemet heilt, men tiltaka må kvar for seg eller i samspel redusere skadeverknadene slik at oppførselen ikkje lenger vil gå utover andre elevar i alvorleg grad, jf. første ledd. Eit døme på eit mindre inngripande tiltak er klassebyte. Pålagt skolebyte er derfor berre aktuelt dersom skolebyte er det einaste tiltaket som har denne effekten.
Kva tiltak som er aktuelle, og kva som er meir eller mindre inngripande, vil avhenge av ei konkret vurdering. Vurderinga av kor inngripande eit tiltak er, skal ta utgangspunkt i eleven det er aktuelt å flytte. Det skal vurderast tiltak som blir retta mot heile skolemiljøet, mot grupper av elevar, mot andre elevar ved skolen og mot enkelteleven det er aktuelt å flytte.
Andre ledd andre punktum inneber også ei avgrensing i tilgangen til å påleggje skolebyte, ved at ein elev ikkje skal flyttast dersom det fører til at eleven må flytte ut av heimen, eller gjer at dagleg skyss blir uforsvarleg. «[H]eimen» skal forståast som der eleven bur og elles vil halde fram med å bu dersom hen ikkje blir pålagd å byte skole. Det vil ofte, men ikkje alltid, vere heime hos foreldra eller ein av dei, eller der eleven bur aleine eller med andre ungdommar, til dømes i eit kollektiv eller på eit internat.
Andre ledd tredje punktum inneber ei avgrensing i tilgangen til å påleggje elevar i vidaregåande opplæring å byte skole. Avgrensinga gjeld i tillegg til dei to andre avgrensingane i andre ledd. Reglane om inntak til vidaregåande opplæring vil avgrense kva skolar det er aktuelt å byte til. Desse reglane går i dag fram av gjeldande forskrift til opplæringslova kapittel 6 og av lokale forskrifter i den enkelte fylkeskommunen. Etter inntaksreglane kan elevane berre flyttast til skolar der dei kvalifiserer til inntak. At ein elev ikkje kan bli pålagt å byte skole dersom det fører til at eleven «må byte utdanningsprogram og programområde», inneber at eleven må få tilbod om ein fagkombinasjon ved den nye skolen som gjer at eleven kan fullføre til planlagd tid. Eit skolebyte der det er nødvendig med omval for å kunne fullføre vidaregåande opplæring, føreset samtykke frå eleven.
Tredje ledd regulerer kven som kan ta avgjerder om pålagt skolebyte. Myndet er lagt til kommunen og fylkeskommunen. Reguleringa står ikkje i vegen for at kommunestyret eller fylkestinget delegerer myndet til å påleggje skolebyte til administrasjonen, men myndet kan ikkje delegerast til rektor eller andre på skolen.
Retten elevane har til å medverke og kravet om at det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, følgjer av §§ 10-1 og 10-2. Kva elevar som skal høyrast i saker om pålagt skolebyte, og korleis dette skal skje, vil komme an på den konkrete saka og alderen og modnaden til elevane. Det er inga nedre aldersgrense for retten til å bli høyrt. Skolen skal høyre både den eleven som kan bli pålagt skolebyte, og andre elevar som er direkte påverka og involverte i saka. Det skal leggjast vekt på omsynet til alle involverte elevar. For at retten elevane har til medverknad, skal vere reell, må skolen sørgje for at elevane får informasjon om prosessen og blir inviterte til å beskrive situasjonen slik dei opplever han, og gi uttrykk for meiningane sine, sin vilje og sine ønske.
Før det blir gjort vedtak om skolebyte må den som gjør vedtaket også rådføre seg med rektor og aktuelle lærarar om saka, jf. kommunens og fylkeskommunens utgreiingsplikt etter forvaltningslova § 17.
Fylkeskommunane og kommunane vel sjølve om dei vil bruke tilgangen til å påleggje skolebyte for ein elev. Dette valet byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Vurderingane av om oppførselen til eleven går «alvorleg ut over tryggleiken eller læringa» til ein eller fleire medelevar, om mindre inngripande tiltak er «tilstrekkelege», eller om dagleg skyss er «uforsvarleg», byggjer derimot på eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut.