Opplæringslova
§ 13-4 Fysiske inngrep for å avverje skade m.m.
Tilsette i skolen, leksehjelpa og skolefritidsordninga kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, gripe inn fysisk mot elevar for å avverje at ein elev
- krenkjer ein person fysisk eller utsett seg sjølv for fysisk fare
- skader eigedom
- viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølv
Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast.
Handlingar som er allment aksepterte i samhandling mellom vaksne og barn som dei har omsorg for, skal ikkje reknast som fysiske inngrep etter paragrafen her.
Tilføyd ved lov 14 juni 2024 nr. 36.