Opplæringslova
§ 14-2 Inndeling av elevar i klassar og grupper
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at kvar elev høyrer til éin klasse og har så mykje opplæringstid i klassen at eleven kan utvikle sosial samkjensle. I delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper. Klassane og gruppene skal setjast saman slik at skolen blir ein møteplass der elevane utviklar toleranse og respekt for kvarandre.
Ingen klassar eller grupper skal vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.
Elevane kan delast inn i grupper etter fagleg nivå i særskilde og avgrensa delar av opplæringa, dersom det er nødvendig for at ein eller fleire av elevane skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Elevane kan berre delast inn i grupper etter kjønn dersom det er særleg tungtvegande grunnar til å gjere det. Elevane kan ikkje delast inn i grupper etter etnisitet.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at alle elevar har ein kontaktlærar. Kontaktlæraren har eit særleg ansvar for eleven, for kontakten med heimen og for administrative, sosiale og pedagogiske gjeremål i klassen.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 8-2 og er omtalt i punkt 14, sjå særleg punkt 14.5.3, 14.5.4 og 50 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum inneber eit krav om at elevane skal delast inn i klassar. Det er ikkje eit krav at skolane må bruke nemninga «klasse». Kravet går ut på at elevane skal tilhøyre éi gruppe der dei får så store delar av opplæringa at dei kan oppnå sosial tilhøyrsel. Kor mykje opplæringstid elevane må ha i klassen for å oppnå sosial tilhøyrsel, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn, samtidig som fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring og meir generell skolefagleg kompetanse vil stå sentralt i denne vurderinga. Generelt kan det vere behov for meir opplæringstid saman med klassen jo yngre elevane er. I vidaregåande opplæring vil tilbodsstrukturen og inndelinga i ulike programfag avgrensa kor mykje opplæringstid ein kan få til i same klasse.
Første ledd andre punktum presiserer at så lenge kravet i første ledd første punktum er oppfylt, så kan elevane få opplæring i andre grupper enn i klassen.
Første ledd tredje punktum regulerer korleis grupper og klassar skal setjast saman. Kravet om at inndelinga skal bidra til at skolen blir ein møteplass der elevane utviklar respekt og toleranse for kvarandre, inneber at elevane som hovudregel må delast inn i grupper på tvers av ulike karakteristikkar som til dømes kjønn, sosial og økonomisk bakgrunn, etnisitet og religion. Det inneber også at ein må sjå til at inndelingar etter nøytrale kriterium som til dømes bustad ikkje faktisk inneber skeivfordeling av elevar etter kjønn, sosial og økonomisk bakgrunn, etnisitet og religion. Regelen stiller krav til resultatet av inndelinga, ikkje berre inndelingskriterium.
Andre ledd regulerer kor store gruppene og klassane kan vere. Kva som er pedagogisk forsvarleg, skal vurderast med grunnlag i fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring. Økonomiske omsyn kan ikkje brukast som argument for å lage større grupper enn det som er pedagogisk forsvarleg. Så lenge gruppa ikkje er større enn det som er pedagogisk forsvarleg, kan kommunane og fylkeskommunane derimot leggje vekt på andre moment, som økonomi, ressurssituasjon, bygningsmessige vilkår osv.
Kor stor gruppe som vil vere trygt, vil avhenge av mellom anna alderen og ferdigheitsnivået blant elevane, kompetansen til den tilsette og den konkrete risikosituasjonen. I vurderinga av gruppestorleik på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i vidaregåande skole vil kunnskap og erfaring frå dei ulike bransjane jamførte med erfaringane til skolen med elevar i den aktuelle aldersgruppa vere eit relevant avgjerdsgrunnlag.
Vurderinga av kva som er trygt og pedagogisk forsvarleg, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut. Samtidig må det konkrete innhaldet i kravet om at gruppa skal vere trygg og pedagogisk forsvarleg, utleiast på bakgrunn av pedagogiske og faglege vurderingar.
Tredje ledd er eit unntak frå første ledd tredje punktum ved at det opnar for at elevane på visse vilkår kan delast inn etter fagleg nivå. Regelen omfattar alle former for inndeling i grupper der utveljinga av elevane er gjort med utgangspunkt i det faglege nivået blant elevane. Det omfattar både tilfelle der alle elevane i ein klasse eller på eit trinn blir delte inn etter fagleg nivå, og tilfelle der berre nokre av elevane er grupperte saman ut frå fagleg nivå. At elevane er i ei eiga gruppe, inneber at opplæringa skjer isolert frå andre grupper, ofte i eit anna rom.
Vurderinga etter tredje ledd første punktum av kva som er nødvendig for at elevane skal få tilfredsstillande utbytte av opplæringa, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut, samtidig som vurderingane må gjerast med utgangspunkt i fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring. Moglegheita til å dele inn etter fagleg nivå vil berre gjelde for den delen av opplæringa der nødvendigheitskravet er oppfylt. Nødvendigheitskravet betyr ikkje at nivådeling må vere nødvendig for alle elevane. Poenget er at nivådeling er nødvendig for nokon, og at inndelinga samtidig vil vere eigna til å gi alle eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. «[N]ødvendig» betyr ikkje at noko må vere absolutt påkravd, men det er meint å vere ein høgare terskel enn at inndelinga berre verkar tenleg. I vurderinga av om det er nødvendig med nivådeling, må ein sjå på kva som i rimeleg utstrekking kan oppnåast med andre tiltak, som til dømes allsidig bruk av arbeidsmåtar og metodar, å styrkje opplæringa i ordinære grupper med ekstra lærarressursar og kompetanse eller å gi elevane opplæring i mindre grupper som ikkje er organiserte ut frå fagleg nivå. Moglegheita til å dele inn etter fagleg nivå vil berre gjelde for den delen av opplæringa der nødvendigheitskravet er oppfylt.
Kriteriet «tilfredsstillande utbytte av opplæringa» må relaterast til måla for opplæringa og kva som er realistisk for den enkelte eleven samanlikna med andre elevar. Vidare må ein vurdere korleis organiseringa påverkar moglegheitene til å realisere det breie samfunnsmandatet til opplæringa, som er gitt i formålsparagrafen i lova og i dei ulike delane i læreplanverket. Dersom alle elevane kan få eit tilfredsstillande utbytte av å få opplæringa i grupper samansette på tvers av fagleg nivå, vil det ikkje vere lov med nivådeling.
Inndeling i grupper etter fagleg nivå kan berre gjerast i særskilde og avgrensa delar av opplæringa. Med «særskilde» meiner ein at det må vere ein bestemt fagleg del av opplæringa, og at behovet for nivådeling må vere knytt til denne delen. Med «avgrensa» meiner ein at elevane berre skal vere i slike grupper i ein avgrensa del av tida. Dette inneber at elevane vanlegvis skal vere inndelte i grupper som er samansette på tvers av fagleg nivå. Kor stor del av tida elevane kan vere i nivådelte grupper, må vurderast konkret. I denne vurderinga må det takast omsyn til om det er mogleg for elevane å få tilfredsstillande utbytte, at hovudregelen skal vere mangfaldig fellesskap, og at elevane skal vere så mykje av tida i klassen at dei kan oppnå sosial tilhøyrsel.
Elevane skal ikkje vere delte inn etter nivå i større grad enn det trengst. Ein må unngå at elevane blir verande i fast gruppe uavhengig av den faglege utviklinga deira. Skolen må derfor jamleg vurdere om skolen deler inn elevane i grupper etter fagleg nivå på ein tenleg måte og vurdere kva som er verknadene av nivådelinga. Skolen kan ikkje halde fram med å bruke eit tiltak som inneber nivådeling dersom tiltaket ikkje har positive effektar, eller dersom det går utover enkeltelevar på ein uheldig måte.
Nivådeling kan heller ikkje erstatte individuelt tilrettelagd opplæring for elevar som har rett til dette.
Fjerde ledd første punktum er eit unntak frå første ledd tredje punktum ved at det opnar for at elevane kan delast inn i grupper etter kjønn dersom det er særleg tungtvegande grunnar til å gjere det. Denne terskelen inneber at elevane kan delast inn etter kjønn for tema i undervisninga der det kan opplevast tryggare for elevane å få undervisning i kjønnsdelte grupper, til dømes om seksualitet, pubertet osv., men også her må ein vurdere om dette vil vere til det beste for elevane og mellom anna ta omsyn til om det er elevar med ein ikkje-binær kjønnsidentitet. Det kan også vere aktuelt å dele inn elevane etter kjønn dersom elevane skal prate om utfordringar i skolemiljøet som særleg gjeld jentene eller gutane. Elles vil slik inndeling berre vere aktuelt dersom det ikkje er praktisk mogleg å få til felles undervisning på ein måte som er forsvarleg og rimeleg med omsyn til integriteten til elevane, til dømes dersom det ikkje finst garderobar som gjer det mogleg for jenter og gutar å dusje separat. I slike tilfelle må det i så fall vere snakk om kortare periodar i unntakssituasjonar, ettersom kommunane og fylkeskommunane har eit ansvar for å sørgje for tilstrekkelege fasilitetar. Kravet om at det må liggje føre særleg tungtvegande grunnar for å dele elevane inn i grupper etter kjønn, inneber at det ikkje kan gjennomførast kjønnsdelt undervisning i til dømes symjing for å ta omsyn til at enkelte elevar og foreldre ønskjer dette, til dømes på grunn av religiøs overtyding. Vurderinga av om det ligg føre særleg tungtvegande grunnar, er ei skjønnsmessig vurdering. Dette er eit lovbunde skjønn som domstolane og tilsynsmakta kan prøve fullt ut.
Fjerde ledd andre punktum fastslår at elevane ikkje kan delast inn i grupper etter etnisitet sjølv om inndelinga er avgrensa til delar av opplæringa. Det er likevel tillate med innføringstilbod for språklege minoritetar og eigne grupper for opplæring i og på samisk og i kvensk eller finsk, jf. §§ 3-2 og 6-2 om opplæring i og på samisk, §§ 3-3 om opplæring i kvensk eller finsk og §§ 3-6 og 6-5 om særskild språkopplæring.
Femte ledd første punktum stiller krav om at alle elevar skal ha ein kontaktlærar.
Det følgjer at femte ledd andre punktum at alle elevar skal ha ein kontaktlærar og at kontaktlæraren har eit særleg ansvar for eleven, kontakten med heimen og for administrative, sosiale og pedagogiske gjeremål i klassen som eleven går i. Det kan vere fleire kontaktlærarar i éin klasse, men kvar av elevane i klassen skal då berre ha éin av dei som kontaktlæraren sin.