Opplæringslova
§ 14-3 Forholdet mellom talet på lærarar og talet på elevar
Departementet kan gi forskrift om forholdet mellom talet på lærarar og talet på elevar per skole eller per kommune. Forholdstalet kan variere frå trinn til trinn.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører heimelen departementet har til å fastsetje forskrift om lærartettleik, og er omtalt i punkt 14, sjå særleg punkt 14.5.2 i Prop. 57 L (2022–2023). Slik forskrift skal bestemme forholdstalet mellom lærar og elevar.
Forholdstalet, berekna gjennomsnittleg gruppestorleik, tek utgangspunkt i det samla talet elev- og lærartimar og er ein matematisk storleik som seier noko om den samla ressursinnsatsen på ein skole/i ein kommune. Denne matematiske storleiken seier ikkje noko om den faktiske storleiken på ei undervisningsgruppe. Ei undervisningsgruppe kan vere større eller mindre enn dette, avhengig av om det er innanfor krava i § 14-2.
Berekna gruppestorleik kan variere på ulike trinn.