Opplæringslova
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 2-4, og er omtalt i punkt 35.5.2 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen oppstiller eit generelt forbod mot forkynning i opplæringa. Forbodet gjeld alle delar av opplæringa, ikkje berre opplæring om emna kristendom, religion, livssyn og etikk. Forbodet mot forkynning inneber mellom anna at undervisninga ikkje skal gi rom for religionsutøving, sjølv om ho skal gi kunnskap om tru, religionar og livssyn. I dette ligg mellom anna at formålet med opplæringa om kristendom, religion, livssyn og etikk ikkje er å påverke elevane til den kristne trua. Elevane skal heller ikkje påverkast til andre religionar eller livssyn. Arbeidsmåtane vil bety svært mykje for om innhaldet i faget kan opplevast som religionsutøving eller vere støytande på andre måtar. Det er derfor viktig at det blir vist særleg varsemd ved undervisning i emne som omhandlar religiøs praksis som bønn, gudsteneste og andre former for religionsutøving.
Samtidig er det viktig at skolane, som ved all anna opplæring, bruker engasjerande og varierte arbeidsmåtar, slik at undervisninga ikkje blir for teoritung og abstrakt. Etter omstenda vil det til dømes kunne vere lov at elevar, lærarar eller andre illustrerer religiøse ritual eller liknande.