Opplæringslova
§ 14-6 Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn
Elevar har rett til fritak frå aktivitetar i opplæringa som dei med rimeleg grunn opplever som utøving av ein annan religion enn sin eigen eller tilslutning til eit anna livssyn enn sitt eige, eller som dei på same grunnlag opplever som krenkjande eller støytande. Fritaket føreset ei skriftleg melding frå eleven eller foreldra, men det trengst ikkje grunngiving.
Ein kan ikkje krevje fritak frå kompetansemåla i læreplanane for fag. Elevar som får fritak frå aktivitetar i opplæringa, skal ha anna opplæring med tilsvarande fagleg innhald.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 2-3 a og blir utvida til å omfatte vidaregåande opplæring. Paragrafen er omtalt i punkt 35.5.1 i Prop. 57 L (2022–2023).
Fritaksretten i første ledd første punktum skal ta utgangspunkt i oppfatninga eleven eller foreldra har, men det skal gjerast ei viss prøving ut frå meir objektive kriterium. Fritaksretten gjeld fritak frå aktivitetar som med rimeleg grunn kan opplevast som utøving av annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn eller som støytande eller krenkjande. Formuleringa «krenkjande eller støytande» er teken inn for å sikre at elevar kan få fritak frå aktivitetar som kan vere uakseptable ut frå den kulturelle bakgrunnen deira eller fordi aktiviteten blir opplevd som eit brot på etiske reglar i religionen eller livssynet deira. Sjå elles Ot.prp.nr.91 (2004–2005), kapittel 5.4. Regelen omfattar også utøving av aktivitetar som strir mot eigen religion, som til dømes å ete svinekjøtt.
Opplæringa om kristendom, religion, livssyn og etikk skal vere samlande slik at elevane så langt det er mogleg kan delta i ei felles opplæring, med tilpassing av opplæringa slik at fritak ikkje trengst. Opplæringa skal heller ikkje vere forkynnande, noko som inneber at opplæringa ikkje skal gi rom for religionsutøving, jf. merknaden til § 14-5. Det kan likevel vere tilfelle der enkelte foreldre og elevar subjektivt opplever delar av opplæringa som religionsutøving eller tilslutning til andre livssyn. Som ein nødvendig sikringsventil kan fritaksregelen bidra til å unngå konfliktar i grenselandet mellom det som frå skolen si side ikkje blir rekna for å vere religionsutøving, men som for den enkelte kan opplevast som det.
Første ledd andre punktum føreset ei skriftleg melding frå eleven eller foreldra. Foreldra gir skriftleg melding om fritak fram til eleven har fylt 15 år. Elevar som har vorte 15 år, gir sjølve skriftleg melding, jf. § 24-5.
Det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for å sørgje for at fritak blir gjennomførte når det er meldt om fritak.
Etter andre ledd kan ikkje kommunane og fylkeskommunane frita elevar frå kompetansemål i læreplanar for fag. For å sikre at fritaksretten er reell, må kommunane og fylkeskommunane sørgje for at foreldre og elevar får informasjon om retten til fritak, korleis regelen skal forståast i praksis, og kva aktivitetar og arbeidsmåtar som skal gjennomførast. Når kommunane og fylkeskommunane skal gi informasjon, bør dei særleg vere merksame på aktivitetar og arbeidsmåtar der ein kan rekne med at fritaksretten vil kunne vere særleg aktuell. Sjå § 10-8 som gir kommunane og fylkeskommunane plikt til å gi elevane og foreldre den informasjonen dei har bruk for. Kravet om opplæring med «tilsvarande fagleg innhald» betyr at kommunane og fylkeskommunane må sørgje for at eleven får moglegheita til å tileigna seg den same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte. Kapittel 11 gjeld også for denne opplæringa.