Opplæringslova
§ 14-7 Opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk
Opplæringa om emna kristendom, andre religionar, livssyn og etikk skal samle alle elevar, og medverke til auka forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulikt syn på trudoms- og livssynsspørsmål. Emna skal presenterast på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar delvis dagens lov § 2-4, og er omtalt i punkt 35.5.3 i Prop. 57 L (2022–2023). Paragrafen gjeld opplæringa om emna kristendom, religion, livssyn og etikk uavhengig av kva fag opplæringa blir gitt i. Paragrafen omfattar dermed opplæringa i andre fag i tillegg til KRLE-faget.
Opplæringa skal samle elevane i ei inkluderande opplæring, der elevane så langt det er mogleg deltek i ei felles undervisning, med tilpassing av opplæringa.
Formuleringa «objektivt, kritisk og pluralistisk» er teken inn for å sikre at opplæringa om kristendom, andre religionar, livssyn og etikk er i samsvar med Noregs internasjonale forpliktingar, mellom anna EMK artikkel 9 og første tilleggsprotokoll artikkel 2. Til liks med andre emne og fag skal kunnskapsstoffet formidlast på ein sakleg måte og ut frå ein fagleg ståstad, og undervisninga skal vere objektiv.