Opplæringslova
§ 15-1 Opplæringsspråk og talemål
Opplæringa skal vere på norsk, samisk eller norsk teiknspråk.
I den munnlege opplæringa avgjer elevane og lærarane sjølve kva for talemål dei vil bruke. Lærarane og skoleleiinga skal ta mest mogleg omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.
Forarbeid til loven
Første ledd i paragrafen er ny og andre ledd vidarefører dagens lov § 2-5 andre ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 16.5 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd lovfestar kva språk opplæringa skal vere på (opplæringsspråk). Opplæringa skal vere på norsk, samisk eller norsk teiknspråk. Kravet omfattar både den skriftlege og den munnlege opplæringa. Regelen om opplæringsspråk står ikkje i vegen for at lærarane kan bruke andre språk i opplæringa, til dømes engelsk eller andre framandspråk i tverrfagleg arbeid.
Med samisk siktar ein til nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk. Det følgjer av forslaget § 3-2 kven som har rett til opplæring på samisk. Det følgjer av forslaget §§ 3-4 og 6-3 kven som har rett til opplæring på norsk teiknspråk.
Andre ledd vidarefører regelen i dagens lov § 2-5 andre ledd om at elevane og lærarane bestemmer sjølve kva talemål (dialekt) dei vil bruke.
Paragrafen gjeld både grunnskolen og vidaregåande opplæring.