Opplæringslova
§ 15-3 Krav til rettskriving og krav til skriftspråk i læremiddel
Med læremiddel er her meint alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.
Skolen skal bruke læremiddel på norsk og samisk som følgjer offisiell rettskriving.
Skolen skal bruke læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Kravet gjeld ikkje
- læremiddel i faget norsk
- læremiddel i fag med årskull med 300 eller færre elevar
- læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del
Dei trykte læremidla i norskfaget i grunnskolen skal samla ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lese begge skriftspråka.