Opplæringslova
§ 15-5 Skolebibliotek
Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet kan gi forskrift om skolebibliotek.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9-2 andre ledd med tilhøyrande forskrift. Paragrafen er omtalt i punkt 38.4 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen inneber ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å sørgje for at elevane har tilgang til eit bibliotek i skoletida. Kravet kan oppfyllast anten ved at skolen har eit eige skolebibliotek, eller gjennom samarbeid med eit bibliotek utanfor skolen. At biblioteket skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, inneber at biblioteket må vere ope i skoletida. Biblioteket må også liggje i nærleiken av skolen med mindre det er gode skyssordningar som gjer at elevane likevel har tilgang til biblioteket.
At biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen, stiller mellom anna krav til utvalet til biblioteket. Det må vere god tilgang på barne- og ungdomslitteratur, annan skjønnlitteratur og sakprosa osv. som er naturleg å bruke i opplæringa.