Opplæringslova
§ 16-1 Rådgiving om utdannings- og yrkesval
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa får den rådgivinga som dei treng om utdannings- og yrkesval.
Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 9-2 første ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 44 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd regulerer kva slags rådgiving elevar skal få. Plikta omfattar rådgiving om utdannings- og yrkesval generelt. Kravet om at elevane skal få den rådgivinga som dei treng, inneber at skolen aktivt må vurdere kva slags rådgiving den enkelte eleven har behov for, og gi slik rådgiving direkte til den eleven det gjeld. Rådgiving inneber å gi informasjon, rettleiing, oppfølging og eventuelt hjelp til elevane. Rådgivingstilbodet kan bestå av ulike element som samla sett skal dekkje behovet til elevane for rådgiving om utdannings- og yrkesval. Rådgiving gjennom digitale ressursar kan vere ein del av rådgivingstilbodet til elevane. Kva som inngår i rådgivinga, kan variere, men det kan gjelde val av fag, konsekvensar av ulike fagval og å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til den enkelte til å planleggje utdanninga si og yrket sitt i eit langsiktig perspektiv. Behovet vil variere etter alder, interesser og kvar eleven er i skoleløpet.
Kravet i andre ledd om at elevane skal få rådgiving på «den skolen dei går på», inneber at ein ikkje kan oppfylle kravet ved å ha tilbod om rådgiving på éin stad eller på utvalde skolar i kommunen eller fylket. Tilbodet må vere tilgjengeleg på alle skolar. Det blir elles ikkje stilt krav til korleis kommunane og fylkeskommunane organiserer denne oppgåva. Rådgivinga kan som utgangspunkt vere gruppevis eller individuell. At rådgivinga skal vere individuell dersom elevane ønskjer det, inneber at det er behovet til eleven og uttrykte ønske som skal vere avgjerande for val av form på rådgivinga.
Tredje ledd stiller krav om at fylkeskommunane må sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang på rådgiving om utdannings- og yrkesval. Detblir ikkje stilt krav om ei aktiv og oppsøkjande rådgiving, men ei moglegheit for å oppsøkje slik rådgiving om det trengst.