Opplæringslova
§ 16-2 Rådgiving om sosiale og personlege forhold
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar får den rådgivinga som dei treng om sosiale og personlege forhold som kan ha innverknad på korleis dei har det på skolen.
Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om sosiale og personlege forhold.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 9-2 første ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 44 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum regulerer kva slags rådgiving elevar skal få. Sosiale og personlege forhold kan omfatte dei fleste tema, under den føresetnaden at dei verkar inn på korleis eleven har det på skolen. Dette kan gjelde problem rundt opplæringa, inkludert utfordringar rundt motivasjon, læringsmiljø etc. I tillegg kan det gjelde det sosiale på skolen.
Rådgiving inneber å gi informasjon, rettleiing, oppfølging og eventuelt anna hjelp til elevane. Det er viktig at elevar ikkje blir avviste dersom dei oppsøkjer skolen for å få hjelp eller råd om forhold som ikkje nødvendigvis har noko å seie for opplæringa og forholdet til eleven på skolen, men at dei blir viste vidare til rett hjelpeinstans. Rådgivingsplikta må sjåast i samanheng med arbeidet til skolehelsetenesta, reglane om skolemiljø og samarbeidsplikta i § 24-1.
Kravet om å få den rådgivinga dei treng, inneber at skolen aktivt må vurdere kva slags rådgiving den enkelte eleven har behov for, og gi slik rådgiving direkte til den eleven det gjeld.
Kravet handlar også om kor mykje og ofte elevane skal ha tilgang til rådgiving. Det er eit skjønnsmessig krav, og det inneber ikkje krav om ein bestemt frekvens. Om det er behov for at elevane har tilgang til rådgiving kvar dag eller eit visst tal dagar kvar veke, må vurderast konkret. Rådgivingstilbodet kan vere samansett av ulike element som samla sett skal dekkje behovet til elevane for rådgiving om sosiale og personlege forhold. Rådgiving gjennom digitale ressursar kan vere ein del av rådgivingstilbodet til elevane.
Kravet i andre ledd om at elevane skal få rådgiving på «den skolen dei går på», inneber at ein ikkje kan oppfylle kravet ved å ha tilbod om rådgiving på éin stad eller på utvalde skolar i kommunen eller fylket. Tilbodet må vere tilgjengeleg på alle skolar. Det blir ikkje stilt krav til korleis kommunane og fylkeskommunane organiserer denne oppgåva. Rådgivinga kan i utgangspunktet vere gruppevis eller individuell. At rådgivinga skal vere individuell dersom elevane ønskjer det, inneber at det er behovet til eleven og uttrykte ønske som skal vere avgjerande for val av form på rådgivinga.
Tredje ledd stiller krav om at fylkeskommunane må sørgje for at personar med læretid i bedrift får nødvendig rådgiving om sosiale og personlege forhold. Rådgivinga må, til liks med rådgiving for elevar, gjelde sosiale og personlege forhold som knyter seg til det faglege og sosiale på arbeidsplassen. Det blir ikkje stilt krav om ei aktiv og oppsøkjande rådgiving, men at det er mogleg å oppsøkje slik rådgiving ved behov.