Opplæringslova
§ 17-1 Krav om kompetanse i skolen
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for rett og nødvendig kompetanse i skolen.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 10-8 første punktum og er omtalt i punkt 50 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen inneber at kommunane og fylkeskommunane må tilsetje eller på annan måte skaffe tilgang til nødvendig og tilstrekkeleg personell med rett kompetanse. Kommunane og fylkeskommunane må sikre at skolen samla sett har god nok kompetanse til mellom anna å sikre den enkelte eleven ei forsvarleg opplæring og eit godt skolemiljø i tråd med dei krava som gjeld til kvar tid. Eit anna døme er at skolane må ha tilsette som varetek dei elevane som har rett til individuell tilrettelegging. I nokre tilfelle vil dette innebere at skolane må ha tilgang til tilsette med spesialpedagogikk eller annan kompetanse som er nødvendig for å vareta elevanes behov for tilrettelegging.