Opplæringslova
§ 17-11 Politiattest og forbod mot tilsetjing
Kommunen og fylkeskommunen skal krevje politiattest av dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, den vidaregåande skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, kulturskolen eller skoleliknande aktivitetstilbod. Den som skal tilsetjast fast eller mellombels i leirskole, må også leggje fram politiattest.
Kommunen og fylkeskommunen kan krevje politiattest av personar som skal ha praksis på skolane og andre stader der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt. Når det skal vurderast om ein person som skal ha praksis, skal leggje fram politiattest, skal det leggjast vekt på om det alt er utført vandelskontroll etter eit anna regelverk, kor langt praksisopphaldet skal vere, og kor mykje kontakt personen skal ha med elevar.
Kommunen og fylkeskommunen kan krevje politiattest av personar som skal utføre oppgåver ved skolane og andre stader der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt.
Politiattesten skal innehalde dei merknadene som politiregisterloven § 39 første ledd fastset. I tillegg skal politiattesten innehalde merknader om reaksjonar for brot på straffeloven (2005) §§ 251, 252, 253, 254, 255, 256, 263, 264, 272, 273, 284 og 285, straffeloven (1902) §§ 222, 223, 227, 228 andre ledd, 229 og lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse §§ 1 og 2. Merknader om reaksjonar for brot på desse straffeboda skal i ordinær politiattest oppgis i samsvar med politiregisterloven § 40.
Personar som er dømde for eller har vedtatt førelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, skal ikkje tilsetjast eller ha praksis i skolar eller tilbod som nemnde i første ledd.
Dersom politiattesten inneheld merknader om verserande sak eller andre straffebrot enn dei som er nemnde i femte ledd, skal det vurderast konkret om personen bør tilsetjast, ha praksis eller utføre oppgåver i skolar eller tilbod som nemnde i første ledd.
Departementet gir forskrift om politiattest, og kva for straffebod som skal vere omfatta av femte ledd. Departementet kan også gi forskrift om innhenting og behandling av politiattest.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører og utvidar dagens lov § 10-9. Regelen blir også utvida til å gjelde førbuande opplæring for vaksne, dette følgjer av § 19-14. Paragrafen er omtalt i punkt 52 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum inneber ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å krevje politiattest. Kravet om politiattest gjeld alle typar stillingar. Kravet gjeld ved tilsetjing. Kommunane og fylkeskommunane kan ikkje krevje politiattest av personar som alt er tilsette eller er i praksis. For ny vandelsvurdering gjeld politiregisterlova § 43. Med «skoleliknande aktivitetstilbod» er det meint aktivitetstilbod i regi av kommunane eller fylkeskommunane som har tilknyting til skolen, og som har karakter av å vere opplæring. Eit døme på dette er sommarskole. Kravet gjeld også dei som skal tilsetjast ved kulturskolar. Plikta til politiattest gjeld i dei tilfella der kommunane nyttar private aktørar til å gi tilbodet, til dømes i skolefritidsordninga eller ved kulturskolen. Vidare vil plikta til politiattest også gjelde for mellombels innleigde frå til dømes bemanningsbyrå, desse kjem inn under nemninga mellombels tilsett i skolen. Det er vikaren sjølv som innhentar politiattest og skal levere han til kommunen eller fylkeskommunen.
Første ledd andre punktum fastslår at kravet gjeld også for den som skal tilsetjast fast eller mellombels på leirskolar, til dømes undervisningspersonale, nattevakt, kokkar, gardsarbeidarar etc., og uavhengig av om desse er kommunalt tilsette eller tilsette av ein privat aktør.
Av omsyn til personvernet til søkjarane er det berre den som skal tilsetjast, som skal levere politiattest.
Andre ledd første punktum fastset at kommunane og fylkeskommunane kan krevje politiattest av personar som skal ha praksis, som til dømes studentar eller dei som har arbeidspraksis eller liknande, i skolen eller i tilbod som nemnde i første ledd første punktum.
Andre ledd andre punktum fastset kva som skal leggjast til grunn i vurderinga av om det skal krevjast politiattest. I vurderinga skal det leggjast vekt på om vandelskontroll er gjennomført i medhald av andre regelverk, dette kan for studentar vere etter universitets- og høgskolelova. For elevar på vidaregåande skolar er det ikkje tilsvarande krav om politiattest som det er for studentar ved høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Elevar ved vidaregåande skolar har praksis som varer kortare tid, og karakteren til praksisopphaldet tilseier ikkje at det skal innhentast politiattest, men kommunen og fylkeskommunen kan vurdere å innhente politiattest. Det same bør gjelde for personar som skal ha arbeidstrening gjennom Nav og utanlandske borgarar som har praksisplass gjennom introduksjonsprogrammet. Det gjeld også for personar som skal ha ein prøveperiode på en skole som ein del av godkjenning som lærar med yrkeskvalifikasjonar frå utlandet.
Etter tredje ledd kan kommunen og fylkeskommunen krevje politiattest av personar som regelmessig utførar oppgåver på skole, vidaregåande skole, skolefritidsordninga, leksehjelpa eller skoleliknande tilbod. Det er ikkje plikt til å innhente politiattest i slike tilfelle, men det er eit høve til det. Døme på personar som «utførar oppgåver» på skolen, er tilsette i skolehelsetenesta eller ei sentral vaktmeisterteneste.
Fjerde ledd fastset kva straffebod som skal takast med i den politiattesten kommunane og fylkeskommunane skal eller kan krevje framlagt etter første ledd.
I fjerde ledd første punktum blir det vist til den generelle regelen i politiregisterlova § 39 første ledd. Det er dermed eit krav om at det skal komme fram av politiattesten om personen er sikta, tiltalt, har vedteke førelegg eller er dømd for brot på reglane som er ramsa opp i politiregisterlova § 39 første ledd. Dette inneber at dei fleste seksuallovbrot skal takast med i politiattesten. Av valdslovbrot skal det takast med grov kroppsskade (straffelova § 274) og drap (§ 275). Narkotikalovbrot (straffelova §§ 231 og 232) skal også takast med. Tilvisinga til politiregisterlova § 39 første ledd inneber at dersom denne regelen seinare blir endra, vil reglane om politiattest i skolen også bli endra. Etter politiregisterlova § 39 skal drap (§ 275) og dei fleste seksuallovbrot førast opp på politiattesten etter reglane i politiregisterlova § 41 nr. 1. Det vil seie at desse lovbrota som hovudregel skal stå på politiattesten for alltid. Resten av lovbrota som er omfatta av politiregisterlova § 39, skal noterast etter reglane om ordinær politiattest i politiregisterlova § 40 og vil dermed falle bort etter ei tid.
Fjerde ledd andre punktum inneber eit krav om at politiattesten skal innehalde merknader om reaksjonar for brot på fleire straffebod enn det som følgjer av politiregisterlova § 39 første ledd. Regelen ramsar opp kva straffebod som er omfatta. Dette er reaksjonar for brot på reglane i straffelova om tvang (§§ 251 og 252), fridomskrenking (§§ 254 til 256), truslar (§§ 263 og 264), grov kroppskrenking (§ 272) og kroppsskade (§ 273). I tillegg skal det noterast reaksjonar for brot på reglane om tvangsekteskap (§ 253) og dessutan brot på forbodet mot kjønnslemlesting (§§ 284 og 285).
Kva reaksjonar som skal noterast på politiattesten, og kor lenge dei skal stå på politiattesten osv., følgjer av politiregisterlova § 40, jf. fjerde ledd tredje punktum om at merknadene skal «oppgivast i samsvar» med denne regelen.
Straff ved brot på reglane om skolemiljø etter § 11-9 skal ikkje førast på denne politiattesten.
Femte ledd inneber eit tilsetjingsforbod ved at personar som er dømde for eller har vedteke førelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, ikkje kan tilsetjast i skolar eller tilbod som nemnde i første ledd eller ha praksis. Kva straffebod som skal reknast for å vere omfatta av formuleringa «seksuelle overgrep mot mindreårige», skal fastsetjast i forskrift, jf. sjuande ledd.
Sjette ledd inneber ikkje eit tilsetjingsforbod. Ved merknader om reaksjonar for brot på andre straffebod enn reglar om seksuelle overgrep mot mindreårige skal kommunane og fylkeskommunane vurdere konkret om søkjaren bør tilsetjast, ha praksis eller utføra oppgåver ved skolen eller tilbod som nemnt i første ledd, eller ikkje.
At det skal gjerast ei konkret vurdering, hindrar kommunane og fylkeskommunane i å etablere absolutte reglar om utestenging, men det vil vere naturleg å ta utgangspunkt i at det er det å sjå bort frå merknaden som må grunngivast. Kommunen og fylkeskommunen må vurdere om merknaden gjer personen ueigna til å arbeide med elevar. Grunngivinga kan vere at lovbrotet er i det nedre sjiktet for kva det aktuelle straffebodet rammar, eller at det er gått svært lang tid sidan lovbrotet.
Etter sjuande ledd første punktum skal departementet fastsetje forskrift om politiattest og kva straffebod som skal vere omfatta av ordlyden «seksuelle overgrep mot mindreårige» i femte ledd.
I sjuande ledd andre punktum er det ein heimel for departementet til å gi forskrift om innhenting og behandling av politiattest.