Opplæringslova
§ 17-12 Skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling
Det skal vere skolefagleg kompetanse i kommune- og fylkeskommuneadministrasjonen.
Kommunen og fylkeskommunen skal arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette med heimel i §§ 1-4 første og andre ledd og 1-5 andre og tredje ledd.
Kommunestyret og fylkestinget skal minst éin gong i året få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa.
Forarbeid til loven
Paragrafen er delvis ny. Innhaldet i paragrafen er omtalt i punkt 56, sjå særleg punkt 56.5 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd stiller krav om at kommune- og fylkeskommuneadministrasjonen skal ha skolefagleg kompetanse. Kravet til kommunen vidarefører dagens § 13-1 fjerde ledd, medan kravet om skolefagleg kompetanse i administrasjonen til fylkeskommunane er nytt. Det er ikkje sett kvalifikasjonskrav til den skolefaglege kompetansen. Kommunane og fylkeskommunane har stor grad av handlefridom i korleis dei skal oppfylle kravet. Dersom rektorfunksjonen og funksjonen som skolefagleg kompetanseperson er kombinert, må funksjonane haldast frå kvarandre arbeidsrettsleg, typisk ved separate arbeidsforhold for kvar av funksjonane.
Andre ledd erstattar dagens § 13-3 e første ledd første punktum og er ei delvis vidareføring av dagens regel. Leddet stiller krav om at kommunane og fylkeskommunane skal arbeide for å halde på og heve kvaliteten i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa. Det inneber at kommunane og fylkeskommunane skal arbeide for at måla for opplæringa blir nådde. Kommunane og fylkeskommunane kan med heimel i § 25-4 påleggjast å gjennomføre nasjonale undersøkingar som nasjonale prøvar osv. Slike undersøkingar vil gi relevant grunnlag for arbeidet med kvalitetsutvikling, men det er ikkje eit krav om at dette grunnlaget blir nytta. Dersom ein kommune eller fylkeskommune ut frå ei forsvarleg vurdering finn at det er eit anna grunnlag som gir betre informasjon om tilstanden i skolen, kan anna grunnlag brukast i staden eller som supplement til dei nasjonale undersøkingane. Kommunane og fylkeskommunane må uansett vurdere om det er behov for meir informasjon om tilstanden i skolane enn den informasjonen som dei nasjonale undersøkingane gir.
Tredje ledd vidarefører dagens § 13-3e andre ledd første punktum og inneber eit krav om kvalitetsvurdering på skolenivå. Ei slik vurdering er eit sentralt grunnlag for kvalitetsutviklinga til kommunane og fylkeskommunane. Det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret, men vurderinga skal skje på kvar enkelt skole. Elevar og foreldre skal involverast i arbeidet med kvalitetsvurdering, jf. § 10-4 i lova. Vidare må både rektor, lærarar og eventuelt andre tilsette involverast i arbeidet med kvalitetsvurderinga på den enkelte skolen fordi det er dei tilsette som har førstehandskunnskap om skoleverksemda og elevane. Kravet om at vurderinga skal gjerast «jamleg», inneber ikkje eit krav om eit fast intervall. Poenget er at det ikkje må gå for lang tid mellom kvar gong det blir vurdert. Denne vurderinga vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet i kommunen med kvalitetsutvikling. Det må derfor vere gode grunnar for at vurderinga skal kunne gjerast sjeldnare enn éin gong per år.
Fjerde ledd fører delvis vidare dagens § 13-3 e første ledd andre punktum. Leddet stiller krav om at kommunestyret og fylkestinget skal få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa minst éin gong per år. Det blir ikkje stilt krav om at informasjonen må givast til kommunestyret og fylkestinget i ein «rapport», og det er heller ikkje nødvendig at informasjonen om dei tre områda blir gitt samla. Kommunane og fylkeskommunane kan sjølv vurdere kva slags rapportering som er tenleg for dei ut frå lokale forholda. Éin måte å oppfylle kravet på er å rapportere i ein årleg tilstandsrapport eller ei kvalitetsmelding.