Opplæringslova
§ 17-2 Leiing
Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg.
Ein skole skal leiast av ein rektor. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda. Ein rektor kan leie fleire skolar.
Forarbeid til loven
Paragrafen er delvis ny og delvis ei vidareføring av reglar i dagens lov kapittel 9 og er omtalt i punkt 50 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd inneheld eit generelt krav til den samla leiinga av skolen og er ei vidareføring av dagens lov § 9-1 første ledd. Vurderinga av kva som er forsvarleg leiing, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut. I mange tilfelle vil fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring vere det relevante grunnlaget for å fastsetje innhaldet i forsvarlegkravet.
Kva som er forsvarleg, kan variere i tid og mellom dei ulike skolane. Kravet om forsvarleg leiing gjeld både det administrative, det faglege og det pedagogiske nivået. Moment i vurderinga av kva som er administrativ forsvarleg leiing, kan vere storleiken på skolen, organisering av leiinga og tilhøyrande ansvarsdeling. Forsvarleg administrativ leiing vil vere å sørgje for at skolen er organisert slik at han er i stand til å vareta dei administrative pliktene sine.
Moment i vurderinga av kva som er fagleg forsvarleg leiing, kan vere i kva grad leiinga legg til rette for god samhandling og godt samarbeid i eigen organisasjon. Det inneber mellom anna å vere oppteke av det faglege arbeidet som lærarane utfører i klasserommet, og å løfte utfordringar som tilsette ser i skoledrifta. Forsvarleg fagleg leiing kan også bestå av å setje i verk tiltak for innovasjon og utvikling både på det skolefaglege og administrative planet. Det kan også innebere å organisere gode prosessar for involvering av alle tilsette i arbeidet med kvalitetsutvikling i skolen.
Moment i vurderinga av kva som er forsvarleg pedagogisk leiing, kan vere kunnskapen til leiinga om og kompetanse i å vurdere og følgje opp praksis i klasserommet. Det kan gjelde både undervisninga og arbeidet med læringsmiljøet. Evna til å leie utviklingssamarbeid i det profesjonelle fellesskapet i skolen og å leggje til rette for at lærarar sjølv kan leie eller bidra til slikt utviklingssamarbeid, kan også vere relevante moment i vurderinga.
Andre ledd første punktum er ei vidareføring av dagens lov § 9-1 andre ledd første punktum. Kravet gjeld uavhengig av kor mange elevar ein skole har. Dette inneber at alle skolar skal ha ein rektor som leier verksemda.
Skoleleiinga kan bestå av ein enkelt rektor eller ei større skoleleiing, med rektor som øvste leiaren. Rektor er ansvarleg overfor kommunen eller fylkeskommunen for skoleøkonomien og måloppnåinga. I mange tilfelle vil rektor vere den som sørgjer for at rettane til elevane og pliktene til kommunen og fylkeskommunen blir oppfylte. Det rettslege ansvaret for at rettar blir oppfylte etter lova, ligg likevel hos kommunane og fylkeskommunane. Rektor er ofte personalleiar, både for det administrative og for det profesjonelle fellesskapet på skolen.
Ifølgje andre ledd andre punktum er det eit krav at rektor skal ha pedagogisk kompetanse, som er ei vidareføring av dagens reglar i § 9-1 andre ledd. Med «pedagogisk kompetanse» er det meint anten formell kompetanse, kompetanse opparbeidd gjennom praksis eller ein kombinasjon av desse. Realkompetansen må vere dokumenterbar. Dessutan gjeld kvalifikasjonsprinsippet. Når det er fleire søkjarar til den same rektorstillinga, skal den best kvalifiserte søkjaren veljast. Dette inneber at rektorstillingar normalt skal lysast ut offentleg. Det følgjer vidare av andre ledd tredje punktum at rektor kan leie fleire skolar. Kravet i andre punktum om at rektor personleg skal «ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda», set likevel grenser for kor mange skolar den same personen kan vere rektor for. Dessutan gjeld kravet i første ledd om forsvarleg leiing. Arbeidsoppgåvene rektor har, må også sjåast i samanheng med internkontrollen til kommunen for å sikre at lover og forskrifter blir følgde, jf. kommunelova § 25-1.