Opplæringslova
§ 17-4 Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som er tilsett i lærarstilling, har relevant kompetanse i dei faga dei skal undervise i.
Krava om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje dei som kunne tilsetjast i lærarstilling før 1. januar 2014, allmennlærarar og mellombels tilsette.
Kommunen og fylkeskommunen kan fråvike krava til relevant kompetanse i undervisningsfag dersom det er nødvendig fordi skolen ikkje har nok tilsette i lærarstilling som oppfyller krava. Ei slik avgjerd skal vurderast på nytt kvart skoleår.
Departementet kan gi forskrift om krav til relevant kompetanse i dei ulike faga.
Forarbeid til loven
Paragrafen fører delvis vidare dagens lov § 10-2 og er omtalt i punkt 50 i Prop. 57 L (2022–2023).
Etter første ledd er det kommunane og fylkeskommunane som skal sørgje for at krava om relevant kompetanse i undervisningsfag blir oppfylte. Om det stilles krav for dei enkelte faga og kva krava består i går fram av forskrift, jf. forskriftsheimelen i fjerde ledd.
Reglane i andre ledd er delvis nye og inneber for det første at kravet om å ha relevant kompetanse i undervisningsfaget ikkje gjeld dei lærarane som oppfylte kompetansekrava for tilsetjing før 1. januar 2014, uavhengig av om dei då jobba i skolen. Kravet gjeld heller ikkje dei lærarane som har fullført allmennlærarutdanning, uavhengig av når allmennlærarutdanninga vart avslutta. Det siste unntaksalternativet i andre ledd er ei vidareføring av dagens reglar og inneber at kravet om å ha relevant kompetanse i undervisningsfaget heller ikkje gjeld dei som er mellombels tilsette etter reglane i § 17-3 andre ledd, eller dei som er tilsette mellombels etter arbeidsmiljølova (vikarar).
Tredje ledd opnar for at kommunane og fylkeskommunane om nødvendig kan avgjere at lærarar kan undervise sjølv om dei ikkje oppfyller kravet til relevant kompetanse i undervisningsfaget. Føresetnaden er at skolen ikkje har mange nok lærarar med relevant kompetanse i faget, og at faga er fordelte mellom lærarane slik at krava kan oppfyllast i størst mogleg grad.
Kommunane og fylkeskommunane må vurdere konkret ut frå lokale forhold om det kan vere eit aktuelt alternativ å omdisponere lærarane i verksemda, eller om ein lærar kan undervise ved fleire skolar i same kommune eller fylkeskommune. Dette må likevel avgjerast innanfor det som er mogleg ut frå arbeidsavtalar og arbeidsrettslege forpliktingar elles. Regelen inneber ikkje eit krav om å avslutte eller endre arbeidsforhold eller om å tilsetje fleire lærarar enn det ein treng i verksemda.
Dersom kommunane og fylkeskommunane vedtek å fråvika krava i første ledd, må dette gjerast for kvar enkelt lærer, for kvart enkelt fag. Kommunane og fylkeskommunane er forplikta til å vurdere om det framleis er nødvendig å fråvike kravet minst éin gong per skoleår. Avgjerder etter tredje ledd er ikkje enkeltvedtak.
Fjerde ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om krav til kompetanse for dei som skal undervise i ulike fag på dei ulike trinna. Departementet kan også velje å ikkje stille slike krav, til dømes for enkelte fag på enkelte trinn.