Opplæringslova
§ 17-5 Kvalifikasjonsprinsippet
Den best kvalifiserte søkjaren skal tilsetjast i ei ledig stilling, om det ikkje er gjort unntak i lov eller forskrift.
Når kommunen og fylkeskommunen skal vurdere kven som er best kvalifisert, skal dei leggje vekt på utdanning, erfaring og kor personleg eigna søkjaren er, halde saman med kvalifikasjonskrava i utlysinga.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 10-5, men ordlyden er noko endra og byggjer på statsansattelova § 3. Paragrafen er omtalt i punkt 50 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen lovfestar kvalifikasjonsprinsippet på området i opplæringslova og gjeld for alle stillingar på skolen. Første ledd fastslår at den best kvalifiserte søkjaren til ei ledig stilling skal tilsetjast, dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift.
Andre ledd pålegg kommunane og fylkeskommunane å leggje vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar hos søkjarane når dei samanliknar søkjarar og vurderer kven som er best kvalifisert. I vurderinga skal utdanninga, erfaringa og dei personlege kvalifikasjonane til søkjarane jamførast med kvalifikasjonskrava som er stilte i utlysinga. Merk at det gjeld spesielle kompetansekrav ved tilsetjing av lærarar i § 17-3.
For å kunne kontrollere om kvalifikasjonsprinsippet er følgt, er det ein føresetnad at alle ledd i tilsetjingsprosessen er tilstrekkeleg dokumenterte.