Opplæringslova
§ 17-7 Krav om at skolane har tilgang på vikarar
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane har tilgang på vikarar ved vanleg og venta fråvær.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 50 i Prop. 57 L (2022–2023).
At skolane må ha tilgang på vikarar ved «vanleg og venta» fråvær, betyr at kommunane og fylkeskommunane må vurdere kva som er sannsynleg framtidig fråvær i verksemda, til dømes ved å ta utgangspunkt i tidlegare års fråvær eller annan kunnskap og anna erfaring som kan seie noko om kor mykje fråvær som kan forventast. Det er opp til kvar enkelt kommune og fylkeskommune om dei vil nytte lærarar ved skolen som vikarar, anten i eigne stillingar eller prosentdelar av lærarstillingane, eller om dei vil ha eigne vikarpoolar eller liknande.