Opplæringslova
§ 17-9 Praksisplassar i skolen
Departementet kan i det enkelte tilfellet eller i forskrift gi pålegg om at kommunane eller fylkeskommunane skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører regelen i første delsetning i dagens lov § 10-7, og er omtalt i punkt 51 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen gir departementet heimel til å gi pålegg om at kommunar eller fylkeskommunar skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen. Pålegget kan givast som enkeltvedtak eller i forskrift.