Opplæringslova
§ 1-1 Formålet med lova
Lova skal leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 7.2 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen slår fast det primære formålet med lova, som er å bidra til god opplæring i eit godt miljø. Nemninga «miljø» omfattar både det psykososiale og det fysiske miljøet.