Opplæringslova
§ 1-2 Verkeområde
Lova gjeld for grunnskoleopplæring, vidaregåande opplæring og verksemd knytt til opplæringa. Lova gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter privatskolelova.
Kongen kan gi forskrift om at lova eller delar av ho skal gjelde på Svalbard og om særlege reglar av omsyn til tilhøva på staden.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ein kombinasjon av ny og vidareført lovtekst og er omtalt i punkt 7.3 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd erstattar dagens lov § 1-2 og fastset det generelle verkeområdet til lova. Det er også fastsett reglar om særskilt verkeområde for kapittel 7 og 12 i lova.
Med «grunnskoleopplæring» er det meint både offentleg grunnskoleopplæring, opplæring i private grunnskolar og grunnskoleopplæring i heimen. Uttrykket «vidaregåande opplæring» omfattar både opplæring i skole og læretid i bedrift og både offentleg og privat vidaregåande opplæring.
Lova gjeld også for «verksemd knytt til opplæringa», til dømes skolefritidsordninga, pedagogisk-psykologisk teneste og oppfølgingstenesta.
Første ledd må sjåast i samanheng med § 1-1, der personkrinsen er «barn, ungdom og vaksne». Dette omfattar også dei som berre tek eksamen eller fag- og sveineprøve, og dei som søkjer om godkjenning av ei opplæring, sjå kapittel 9 og 23 i lova.
Det geografiske verkeområdet til lova går ikkje direkte fram av lova. Det følgjer då av alminnelege prinsipp at lova gjeld i Noreg dersom anna ikkje er fastsett i særskilde reglar i lova eller i andre lover. Det betyr til dømes at norske borgarar som buset seg i utlandet, ikkje er omfatta av lova. Vidare er det fastsett i § 28-6 andre ledd at departementet kan godkjenne at fylkeskommunar driv vidaregåande opplæring i utlandet.
Andre ledd er nytt og gir departementet heimel til å gi forskrift om korleis lova kjem til bruk på Svalbard. Krava til opplæring på Svalbard følgjer av forskrift 17. juni 2022 nr. 1044 om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen, gitt med heimel i Svalbardlova § 4. Forskrifta gjer ei rekkje reglar i dagens opplæringslov gjeldande for opplæringa i Longyearbyen, og ho må oppdaterast eller erstattast av ny forskrift når ny opplæringslov blir vedteken og tek til å gjelde.
Ved å ta inn ein heimel for å gi forskrift om korleis lova kjem til bruk på Svalbard i § 1-2 andre ledd, kan forskrifta heimlast i ny opplæringslov i staden for Svalbardlova.