Opplæringslova
§ 1-4 Mål og prinsipp for opplæringa
Kongen gir forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa.
Departementet gir forskrift om læreplanar i fag.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov §§ 1-6, 2-3 tredje ledd og 3-4 første ledd med enkelte språklege endringar og er omtalt i punkt 11, sjå særleg punkt 11.5.2 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd er avgrensa til overordna mål og prinsipp for opplæringa og gir derfor ikkje heimel til å gi reglar om organisering eller ressursbruk.
Etter andre ledd avgjer departementet kva læreplanar som skal fastsetjast, inkludert om dei skal vere gjennomgåande for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa eller ikkje, og om læreplanane skal gjelde for alle eller berre for særskilde grupper, til dømes for elevar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn. Forskriftsheimelen opnar også for at departementet kan fastsetje i forskrift at enkelte elevar kan få fritak for delar av opplæringa, til dømes kroppsøving.
Læreplanane i fag definerer strukturen, innhaldet og omfanget av faga og dannar fundamentet for planlegginga og gjennomføringa skolane og bedriftene gjer av opplæringa. Læreplanane skal sikre at skolane og bedriftene gir opplæring som fører til at elevane og dei som har læretid i bedrift, utviklar ein likeverdig sluttkompetanse.
Dette skal støtte opp om fellesskolen og gi tillit til kompetansen og dokumentasjonen frå opplæringa.
Departementet avgjer innhaldet i læreplanane i fag, inkludert om opplæringa skal gjennomførast i skole eller i bedrift, innanfor rammene i lover og Noregs internasjonale forpliktingar. Noreg har mellom anna ratifisert ILO-konvensjon nr. 142, og det følgjer til dømes av §§ 3-1 og 6-1 at elevane skal ha opplæring i begge skriftspråka, bokmål og nynorsk.