Opplæringslova
§ 1-5 Samisk innhald i opplæringa og samiske læreplanar
Forskrift om læreplanar etter § 1-4 andre ledd skal gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda.
Sametinget gir forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane i fag og om læreplanar for opplæring i samiske språk. Sametinget gir også forskrift om læreplanar i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskrifta skal haldast innanfor dei rammene som departementet har fastsett.
Departementet gir forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til forskrift.
Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 6-4 med enkelte språklege endringar og er omtalt i punkt 11, sjå særleg punkt 11.5.2 i Prop. 57 L (2022–2023).
Etter første ledd skal forskrifter om læreplanar i fag gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda.
Andre ledd første og andre punktum pålegg Sametinget å gi forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane og læreplanane for opplæring i samiske språk i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Heimelen til å gi forskrift om læreplanar i «særskilde samiske fag» gjeld berre for den vidaregåande opplæringa, og heimelen omfattar ikkje parallelle planar som er tilpassa dei ordinære, nasjonale planane.
Med «rammene» i andre ledd tredje punktum er det meint både omfangs- og ressursrammer. Avgrensinga inneber derfor at departementet bestemmer kva og kor store delar av læreplanane i fag som skal ha samisk innhald, og kor omfangsrik opplæringa i samiske språk og særskilde samiske fag i vidaregåande opplæring skal vere. Rammene kan vidare fastsetjast gjennom den overordna delen av læreplanverket, retningslinjer for utforming av nasjonale og samiske læreplanar, dei fastsette kjerneelementa i faga og gjennom resten av styringsdialogen mellom Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Innanfor desse rammene fastset Sametinget forskrifter om innhaldet.
Tredje ledd første punktum pålegg departementet å gi forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i forvaltningsområdet for samisk språk og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa.
Kravet om at Sametinget skal lage «utkast til forskrift» i tredje ledd andre punktum skal sikre at Sametinget får innverknad på utforminga av dei særskilde læreplanane.
I paragrafens tredje ledd første punktum er begrepet «forvaltningsområdet for samisk språk» erstattet med «språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar». Endringen medfører ingen realitetsendring. Forslaget er nærmere omtalt i punkt 5 i Prop. 62 L (2023–2024).