Opplæringslova
§ 1-6 Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur
Departementet gir forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i grunnskolen skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna.
Kommunen kan gi forskrift om at opp til ti prosent av timane i kvart fag i grunnskolen skal flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.
Departementet gir forskrift om kva for utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa.
Departementet kan gi forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i den vidaregåande opplæringa skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna i den vidaregåande opplæringa.
Departementet kan gi forskrift om kor lang læretida skal vere for dei som har læretid i bedrift.
Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om opplæring utover det samla minstetimetalet som departementet har fastsett etter første og fjerde ledd.
Departementet kan gi forskrift om plikt til å delta i aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører ei rekkje heimlar i dagens lov til å gi forskrift og er omtalte i punkt 11, sjå særleg punkt 11.4.5 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd pålegg departementet å fastsetje ei fag- og timefordeling for grunnskolen. I tida som er sett av til kvart enkelt fag i fag- og timefordelinga, skal opplæringa vere i samsvar med læreplanen i det aktuelle faget. Heimelen omfattar også særlege timerammer for grupper av elevar, til dømes elevar som får opplæring i og på samisk, i teiknspråk, i punktskrift osv. Forskriftsheimelen opnar vidare for at departementet kan fastsetje reglar om når det kan gjerast unntak frå fag- og timefordelinga for enkeltelevar.
Andre ledd første punktum inneber at inntil fem prosent av timane som er sette av til kvart enkelt fag i fag- og timefordelinga for grunnskolen, kan flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar. Det er kommunen som avgjer om timane skal flyttast. Ei avgjerd om å flytte timar til andre fag vil vere ei forskrift som skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c. Regelen inneber ikkje ei plikt for kommunen til omdisponering, eller ei avgrensing av omfanget av tverrfagleg opplæring. Det kan gjennomførast tverrfagleg opplæring i meir enn fem prosent av timane, men utover denne andelen må tidsbruken fordelast på andre fag i samsvar med kravet om minste timetal.
Tredje ledd omfattar den vidaregåande opplæringa og pålegg departementet å fastsetje kva utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse, for både opplæring i skole og læretid i bedrift (tilbodsstrukturen for den vidaregåande opplæringa).
Fjerde ledd omfattar fag- og timefordelinga i den vidaregåande opplæringa og skal ikkje forståast slik at departementet må fastsetje eit minstetimetal eller korleis timane skal fordelast mellom fag og trinn. I tida som eventuelt er sett av til kvart enkelt fag i fag- og timefordelinga, skal opplæringa vere i samsvar med læreplanen i det aktuelle faget. Heimelen omfattar også særlege timerammer for elevar som får opplæring i og på samisk, i teiknspråk, i punktskrift osv. Forskriftsheimelen opnar vidare for at departementet kan fastsetje reglar om når det kan gjerast unntak frå fag- og timefordelinga for enkeltelevar. Elevane skal uansett få opplæring i tråd med måla og prinsippa som er fastsett med heimel i §§ 1-4 og 1-5, men mindre det er gjort unntak i vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-7 andre ledd andre punktum.
Femte ledd omfattar dei som har læretid i bedrift.
Sjette ledd inneber at både kommunar og fylkeskommunar kan påleggje elevane fleire undervisningstimar enn det departementet har fastsett etter første og fjerde ledd. Timane skal brukast til opplæring i tråd med læreplanen. Kommunen og fylkeskommunen må ta omsyn til retten elevane har til kvile og fritid når dei vurderer kor mange undervisningstimar dei eventuelt skal fastsetje, jf. barnekonvensjonen § 31. Ei avgjerd om å påleggje fleire undervisningstimar enn det departementet har fastsett vil vere ei forskrift som skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c.
Etter sjuande ledd kan departementet velje å gi forskrift som pålegg elevar i grunnskolen å delta i aktivitetar som ikkje er opplæring i fag, til dømes fysisk aktivitet. Aktivitetane vil vere ein del av den lovfesta retten og plikta til grunnskoleopplæring etter §§ 2-1 og 2-2.
Etter innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen Innst. 442 L (2022-2023) ble fleksibliteten i andre ledd økt til ti prosent.