Opplæringslova
§ 22-1 Kven som kan drive private skolar etter lova
Private kan berre drive skole etter denne lova med godkjenning av departementet. Departementet skal godkjenne private grunnskolar dersom dei kan oppfylle krava i § 22-2. Departementet kan gi forskrift om saksbehandlingsreglar for godkjenning av private grunnskolar i samsvar med tjenesteloven § 27. Den som driv privat grunnskole utan godkjenning, kan straffast med bot.
Departementet kan godkjenne private vidaregåande skolar dersom det ligg føre ein mellomstatleg avtale om drift av slike skolar. I samband med godkjenninga kan departementet gjere unntak frå krava i lova og i forskrift gitt med heimel i lova.
Godkjenninga etter første og andre ledd fell bort dersom ein skole ikkje set i gang verksemda si etter lova innan tre skoleår etter at godkjenninga vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd. Skolen skal gi melding til departementet når drifta etter lova blir nedlagd.
Forarbeid til loven
Første ledd vidarefører kravet i § 2-12 i dagens lov om at private grunnskolar må ha godkjenning av departementet. Sjå punkt 65 i Prop. 57 L (2022–2023).
Andre ledd vidarefører godkjenningsheimelen i § 3-11 i dagens lov, sjå punkt 49. Det er ein føresetnad for godkjenning at staten har inngått ein avtale med éin eller fleire andre statar om å etablere éin eller fleire vidaregåande skolar. Det blir ikkje sett vilkår om formålet med drifta. Det blir til dømes ikkje stilt krav om at opplæringa skal kunne føre fram til norsk vitnemål. Innhaldet i den mellomstatlege avtalen blir førande for kva for nokre av krava i lova som ikkje skal gjelde, og dette må komme fram av godkjenningsvedtaket.
Tredje ledd er nytt og inneber at godkjenning av private grunnskolar etter første ledd og godkjenning av private vidaregåande skolar etter andre ledd fell bort dersom skolen ikkje startar opp verksemda innan tre skoleår etter at godkjenninga er gitt. Det same gjeld dersom drifta blir nedlagd. Sjå omtale av reglane i punkt 49 og 65.