Opplæringslova
§ 22-2 Ansvaret til private grunnskolar
For private grunnskolar gjeld:
- §§ 1-3 og 1-4 første og andre ledd om mål og prinsipp for opplæringa
- § 2-3 om innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa
- § 3-1 om bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen
- kapittel 10 om det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta
- § 11-1 om tilpassa opplæring
- kapittel 12 om skolemiljøet til elevane
- § 13-1 om bortvising og §§ 13-3 til 13-5 om skadeførebygging
- § 14-1 andre ledd om skole- og feriedagar
- § 14-2 om inndeling av elevar i klassar og grupper
- § 14-4 om fjernundervisning
- § 14-5 om forbod mot forkynning
- § 14-6 om fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn
- § 14-7 om opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk
- kapittel 16 om rådgiving
- kapittel 17 om personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling
- § 24-2 om opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
- § 24-3 om plikt til å melde frå til barnevernet
- § 25-1 om behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt
- § 25-4 om plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar
- § 27-2 om forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet
Kommuneloven § 25-1 om internkontroll gjeld også for private grunnskolar.
Der lova legg ansvar, oppgåver eller plikter til kommunen, ligg ansvaret ved ein privat skole til det øvste organet på skolen.
Heimkommunen skal sørgje for at elevane har same tilgang til den pedagogisk-psykologiske tenesta som elevane i den offentlege skolen.
Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delvis § 2-12 andre og tredje ledd i dagens lov, og er omtalt i punkt 65 i Prop. 57 L (2022–2023).
Fjerde ledd er nytt samanlikna med dagens lov og pålegg heimkommunen å sørgje for at elevane i private grunnskolar har den same tilgangen til den pedagogisk-psykologiske tenesta som elevane i den offentlege skolen.
Opplæringslova §§ 13-3 til 13-5 gjelder også private grunnskoler godkjent etter opplæringslova § 22-1, jf. første ledd bokstav g. Det følger av tredje ledd at der ansvar, oppgaver og plikter ligger til kommunen, ligger ansvaret ved en privat grunnskole til det øverste organet på skolen.