Opplæringslova
§ 22-5 Privat grunnskoleopplæring i heimen
Foreldre har plikt til å melde frå til kommunen dersom dei skal gi barna privat grunnskoleopplæring i heimen.
Den private grunnskoleopplæringa i heimen skal oppfylle krava til formålet med opplæringa i § 1-3, krava i § 1-4 andre ledd om at opplæringa skal vere i samsvar med læreplanar for fag og § 1-6 første ledd om fag- og timefordelinga, forbodet mot forkynning i § 14-5 og krava i § 14-7 til korleis opplæringa om emna kristendom, religion, livssyn og etikk skal leggjast opp.
Kommunen skal føre tilsyn med at den private grunnskoleopplæringa i heimen oppfyller krava i andre ledd. Når kommunen får melding om at eit barn skal få slik opplæring, skal kommunen opne tilsyn innan tre månader etter at opplæringa tar til. Kommunen kan krevje at barn som får privat grunnskoleopplæring i heimen, tar prøver som kan vise om opplæringa oppfyller krava i andre ledd.
Dersom opplæringa ikkje oppfyller krava i andre ledd, skal barnet gå på skolen.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov §§ 2-13 og 14-3 og er omtalt i punkt 39 i Prop. 57 L (2022–2023).
Privat grunnskoleopplæring i heimen er når foreldre gir sine eigne barn grunnskoleopplæring heime.
Første ledd pålegg foreldre å sende melding til kommunen før oppstart av privat grunnskoleopplæring i heimen. Regelen regulerer ikkje kva meldinga skal innehalde, men ho bør som eit minimum innehalde namn på barnet, når grunnskoleopplæringa i heimen startar, og kven som gir denne opplæringa. Dersom det er mogleg, bør varigheita på privat grunnskoleopplæring givast opp.
Dei som driv privat grunnskoleopplæring i heimen når lova trer i kraft må ikkje melde frå til kommunen for å kunne fortsette med det.
Opplæringa skal gjennomførast i «heimen» til eleven, det vil seie på folkeregistrert adresse eller i nærleiken. Kravet om at opplæringa skal gjennomførast i heimen, står likevel ikkje i vegen for at delar av opplæringa blir gitt på ein annan læringsarena, til dømes på eit bibliotek, på hytta, i ein symjehall eller på eit museum. Det er foreldra til barnet som skal gi opplæring. Dersom andre private aktørar skal undervise, eller ein skal undervise barna til andre, må dette godkjennast etter § 22-1. Kommunane er ikkje forplikta til å akseptere løysingar der opplæringsplikta delvis blir oppfylt i skolen, og delvis blir oppfylt ved privat grunnskoleopplæring i heimen.
Minimumskrava til grunnskoleopplæringa i heimen kjem fram av andre ledd. Opplæringa må vere i tråd med formålet for opplæringa, samsvare med læreplanar og fag- og timefordelinga, ikkje vere forkynnande og vere i tråd med reglane om opplæring om emna kristendom, andre religionar, livssyn og etikk. Reglane gjeld for opplæringa og ikkje er til hinder for at det drives forkynning/religionsutøving i tillegg til opplæringa som gis i heimen. I praksis vil det ikkje vere eit like klart skille mellom kva som er opplæring og ikkje, når foreldre gir opplæring til eigne barn.
Krava til innhaldet i den private grunnskoleopplæringa i heimen gjeld så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege pliktar.
Tredje ledd første punktum pålegg kommunane å føre tilsyn med at grunnskoleopplæringa i heimen oppfyller krava i andre ledd. Tilsynet må vere eigna til å avdekkje om opplæringa oppfyller desse krava.
Tredje ledd andre punktum fastslår at det første tilsynet skal vere påbyrja innan tre månader etter at opplæringa skal ha starta. Det er meldinga frå foreldra til barnet som utløyser plikta. Det er ikkje eit krav at tilsynet er avslutta i løpet av tremånadersperioden. Ut over dette er det kommunane som avgjer korleis tilsynet skal organiserast, inkludert omfanget og hyppigheita, og kven som skal vere tilsynsperson. Kva som er til det beste for barnet, skal vere eit grunnleggjande omsyn også i planlegging og gjennomføring av tilsyn og ved valet av tilsynsperson, og barnet skal få seie si meining.
Plikta kommunen har til å føre tilsyn, inneber at det må førast tilsyn ofte nok til at kommunen kan vurdere om barnet får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og at opplæringa som blir gitt, oppfyller krava i lova. For å vurdere om eleven får ei opplæring i tråd med regelverket, må den som fører tilsyn, vurdere om det er nødvendig å møte eleven når det blir ført tilsyn.
Etter tredje ledd tredje punktum har kommunane rett til å kalle inn eleven til prøvar. Slike prøvar må vere grunngitt i tilsynsansvaret til kommunen. Med «prøvar» meiner ein ikkje eksamen i grunnskolen, men andre prøvar som kan gi kommunane relevant informasjon om opplæringa som ledd i tilsynet. Det skal ikkje givast individuell vurdering av prøvar etter § 2-3 andre ledd.
Fjerde ledd fastslår at dersom opplæringa ikkje er i samsvar med krava i § 22-5, skal barnet få opplæringa si på ein grunnskole. Foreldra kan velje om barnet skal få opplæring i den offentlege grunnskolen, ved ein privat grunnskole som er godkjend etter § 22-1, eller ved ein grunnskole som er godkjend etter privatskolelova.
Den private grunnskoleopplæringa i heimen er ikkje lovleg dersom det ikkje er mogleg for kommunane å føre tilsyn som følgje av manglande samarbeid frå foreldra. Kommunane skal då krevje at barnet byrjar på skolen. Denne kan vere offentleg eller privat, sjå ovanfor. Dersom kommunane har gjort enkeltvedtak om at eleven skal gå på skolen, og eleven likevel ikkje møter til opplæringa, kan foreldra straffast, jf. § 2-7.