Opplæringslova
§ 23-1 Privatistar
Den som har meldt seg til eksamen utan å delta i opplæring i faget, er privatist. I grunnskolen er det berre dei som ville hatt rett til opplæring for vaksne etter reglane i kapittel 18, som kan gå opp til eksamen som privatist.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 49 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første punktum definerer omgrepet privatist. Med opplæring i faget blir det sikta til opplæring som blir gitt etter opplæringslova eller privatskolelova med forskrifter. Det betyr at privatisten verken er elev, deltakar, lærling eller praksisbrevkandidat i faget ved tidspunktet for oppmelding. Andre former for opplærings- eller kurstilbod, til dømes ved private vidaregåande skolar utan eksamensrett, blir ikkje rekna som opplæring i faget etter lova.
Andre punktum slår fast at det ikkje er ein generell privatisttilgang i grunnskolen. Privatisteksamen i grunnskolen er berre mogleg for dei som har rett til førebuande opplæring for vaksne.