Opplæringslova
§ 23-2 Praksiskandidatar
Den som har allsidig praksis i eit lærefag som er 25 prosent lengre enn det fastsette opplæringsløpet for faget, kan melde seg til fag- eller sveineprøva som praksiskandidat, utan opplæring i skole eller bedrift. Fylkeskommunen avgjer om praksisen kan godkjennast og kan i særlege tilfelle godkjenne kortare praksis.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 3-5 om tilgangen til å ta fag- og sveineprøve utan læreforhold eller skole. Sjå omtale i proposisjonen punkt 49 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første punktum gir opp vilkåra for å kunne framstille seg til fag- eller sveineprøve utan å ha delteke i opplæring i faget. Praksisen må ha vart minst 25 prosent lenger enn det opplæringsløpet som er fastsett for lærefaget, og han må dekkje dei mest vesentlege delane av vg3-læreplanen i faget. Ved fireårige opplæringsløp som følgjer 2+2-modellen, må praksis derfor ha vart minst fem år. Det kan fastsetjast forskrifter om praksis og om at praksistida kan kortast ned gjennom godskriving av tidlegare opplæring, jf. § 5-4 tredje ledd.
Andre punktum slår fast at det er fylkeskommunane som godkjenner praksisen. Fylkeskommunane skal gjere enkeltvedtak i saka. Andre punktum opnar også for at det kan godkjennast praksis som har kortare omfang enn det som er beskrive i første punktum. Dette er ein snever unntaksregel som føreset at det er tale om eit særleg tilfelle. Det kan til dømes vere tilfelle der det er svært vanskeleg å få tilstrekkeleg praksis i verneverdige tradisjonshandverksfag.