Opplæringslova
§ 23-4 Behandling av søknad om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring
Ved vurdering av søknader om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring etter § 23-3 kan det behandlast personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
Vedtak om godkjenning kan gjerast ved heilt eller delvis automatisert saksbehandling. Søkjaren kan krevje at vedtaket skal overprøvast manuelt.
Fødselsnummer, D-nummer og informasjon om at ein person har eit godkjenningsvedtak, kan delast automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 15-1. Vedtak kan berre delast når den registrerte har bestemt det.
Dersom den som behandlar ein søknad om godkjenning, oppdagar at ein søkjar har levert falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument frå falske institusjonar, skal forholdet meldast til politiet.
Endra ved lov 8 mars 2024 nr. 9 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 8 mars 2024 nr. 407).
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens § 3-4 c, men med nytt siste ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 49 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd gir rettsgrunnlag for at avgjerdstakar også skal kunne behandle personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Slike opplysningar kan behandlast når avgjerdstakar behandlar søknader om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring etter § 23-3.
Sjølv om avgjerdstakar ikkje spør etter slike personopplysningar, kan det både i utfylling av søknadsskjemaet og i vedlegga komme fram opplysningar som blir rekna som særlege kategoriar av personopplysningar etter personvernforordninga. Opplysningar om religion, seksuell legning og helse er døme på opplysningar som kan komme fram av søknaden. Eit døme er at i vigselattestar som blir brukte til å stadfeste namneendring, er det også informasjon om religionen, etnisiteten eller helsa til personane. I slike tilfelle vil desse opplysningane i seg sjølve ikkje vere relevante for behandling av søknadene, men dokumentet er i seg sjølv (t.d. vigselattest eller utdanningsdokument) nødvendig for å sikre at den som leverer søknaden, er den same som den som har fullført utdanninga.
Andre ledd slår fast at det kan nyttast automatisert saksbehandling for å gjere vedtak om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring. Automatisert saksbehandling inneber at eit datasystem tek avgjerder som er avgjerande for rettane og pliktene til ein enkeltperson. Ved automatisert saksbehandling har rettsreglane vorte formaliserte og programmerte i datasystemet. Rettsbruken skjer gjennom datasystemet og ikkje ved manuell menneskeleg behandling. Avgjerder som takast på bakgrunn av utelukkande automatisert saksbehandling, kan berre skje i saker der det ikkje er behov for skjønnsmessige vurderingar.
I andre ledd andre punktum er det fastsett at søkjaren kan krevje manuell overprøving. Ein slik rett supplerer den alminnelege klageretten etter forvaltningslova og varetek rettane og interessene til den registrerte. Manuell overprøving inneber at det blir gjennomført ein manuell kontroll av om datasystemet har gjort eit korrekt vedtak i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Det er førsteinstansen som skal gjennomføre denne kontrollen, ikkje klageorganet.
Tredje ledd gir rettsgrunnlag for at avgjerdstakar kan kopla seg til portalen for deling av vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, jf. universitets- og høgskolelova § 4-14. Fødselsnummer, D-nummer og opplysningar om at personen har fått godkjenningsvedtak etter første ledd, kan registrerast automatisk i portalen. Informasjon om sjølve vedtaket vil berre overførast til portalen når den som vedtaket gjeld, sjølv bestemmer det. Når ein person vel å dele vedtaket sitt med til dømes ei bedrift eller utdanningsinstitusjon, vil portalen berre formidle det vedtaket som hen har bestemt skal delast, og berre i den perioden vedkommande har bestemt at resultata skal vere tilgjengelege.
Fjerde ledd fastset at dersom den som behandlar søknad om godkjenning, oppdagar at søkjaren har levert falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument frå falske institusjonar, skal forholdet meldast til politiet.