Opplæringslova
§ 24-1 Samarbeid og samordning
Skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom eleven har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal skolen, skolefritidsordninga og den pedagogisk-psykologiske tenesta delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.
Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen avgjere kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.
Skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal, i tillegg til å følgje opp einskilde elevar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at alle tenesteytarane kan vareta sine oppgåver etter lov og forskrift.
Når det må til for å løyse oppgåvene etter første til tredje ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10.
Med tenesteytarar er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19, og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.
Krava i denne paragrafen gjeld på same måte for samarbeid og samordning for vaksne deltakarar som har rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne etter kapittel 18.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei vidareføring av § 15-8 og § 4A-14 i dagens lov og er omtalt i punkt 23.5.2 i Prop. 57 L (2022–2023). Ordlyden i tredje ledd er forenkla, men dette inneber ikkje ei realitetsendring.
Første ledd gir skolen, skolefritidsordninga og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) plikt til å samarbeide med andre tenesteytarar i oppfølginga av bestemte elevar som får tenester frå fleire tenesteytarar. Omgrepet «tenesteytarar» er definert i femte ledd i paragrafen. Dette er ei oppgåve som kjem i tillegg til det å gi opplæring og andre tenester etter opplæringslova. Samarbeidet skal vere ein integrert del av tenesteytinga. For at samarbeidsplikta skal tre inn, må det vere nødvendig med samarbeid for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dette inneber at tenestene sjølve må gjere ei konkret fagleg vurdering av kva dei har plikt til å samarbeide om, kva for nokre andre tenesteytarar dei skal samarbeide med når det gjeld dei enkelte oppgåvene, og ei vurdering av kor omfattande og langvarig samarbeidet vil bli. Dette vil variere ut frå behovet til den enkelte eleven. Skolen, skolefritidsordninga og PP-tenesta må sjølve vurdere kva samarbeidsaktivitetar dei må gjennomføre for å oppfylle plikta til samarbeid. Samarbeidsplikta gir også skolen, skolefritidsordninga og PP-tenesta plikt til å medverke i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i individuell plan, jf. første ledd andre punktum.
Samarbeidet skal skje innanfor gjeldande reglar om teieplikt. Teieplikta vil ofte få direkte betydning for moglegheita til å samarbeide i enkeltsaker. Det er berre opplysningsplikta til barneverntenesta som går føre lovbestemt teieplikt. Regelverk om teieplikt, opplysningsplikt og høve til å formidle opplysningar set skrankar for i kva tilfelle opplysningar kan formidlast og delast mellom velferdstenestene. Dette gjeld både ved samarbeid på tvers av tenesteområde eller nivå i eigen sektor og ved samarbeid på tvers av sektorane.
Andre ledd første punktum slår fast at kommunane skal samordne tenestetilbodet til elevar som treng eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Det følgjer av andre ledd andre punktum at kommunen skal bestemme kva for ein kommunal tenesteytar som skal samordne tenestetilbodet, dersom det er behov for det. Plikta gjeld der det er uklarleikar eller usemje om kva for ein kommunal tenesteytar som skal samordne tenestetilbodet.
Dersom tenesteytarane er samde om kven som skal samordne tenestetilbodet, vil det ikkje vere behov for at kommunen avgjer dette. Det same gjeld der det allereie følgjer av andre regelverk kven som skal ha ansvaret for å koordinere oppfølginga eleven får, til dømes der eleven har ein individuell plan etter helse- og omsorgstenestelova § 7-1 eller barnevernslova § 15-9. Dersom familien har fått utnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstenestelova § 7-2 a, følgjer det av regelen at det er barnekoordinatoren som skal sørgje for at tenestetilbodet til familien og barnet blir samordna.
Kommunen vel sjølv korleis han skal vareta plikta til å avklare kven som skal ha ansvaret for samordninga. Det er kommunedirektøren som har ansvaret og myndet til å ta avgjerd, men oppgåva kan delegerast til andre i kommunen. Myndet kommunen har til å ta avgjerder, omfattar ikkje fylkeskommunale, statlege eller private tenesteytarar. Samordning med desse tenestene vil derfor berre omfatte informasjon, involvering og tilrettelegging for samarbeid. Samtidig vil dei fylkeskommunale, statlege og private tenestene vere pålagde å delta i samarbeidet gjennom samarbeidsplikter i eigne tenestelover. Dersom det er mest tenleg, kan kommunane avtale med den aktuelle tenesta, til dømes BUP eller ein vidaregåande skole, at samordningsansvaret skal liggje der.
Tredje ledd regulerer plikta skolen, skolefritidsordninga og PP-tenesta har til å samarbeide med andre tenesteytarar utan av det er knytt til oppfølginga av ein bestemt elev. Skolen, skolefritidsordninga og PP-tenesta skal samarbeide med andre tenesteytarar for at alle tenesteytarane skal kunne utføre oppgåver som dei er pålagde ved lov eller forskrift. Slikt samarbeid kan til dømes omfatte drøfting av saker i anonymisert form og tilrettelegging for gjensidig rettleiing og informasjon. Samarbeidet kan til dømes forankrast i samarbeidsavtalar eller gjennom faste tverrsektorielle møte, arbeidsformer og rutinar. Sjølv om plikta til å samarbeide ligg til dei enkelte velferdstenestene i kommunen, vil det vere kommunane som er rettsleg ansvarlege for at samarbeidsplikta blir oppfylt.
Dette inneber at ei velferdsteneste ikkje kan påleggje ei anna teneste nye oppgåver, men at kommunane i slike tilfelle må vedta at den aktuelle tenesta skal bruke ressursar på oppgåva.
Fjerde ledd fastset at dei samarbeidande tenestene kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10 (sensitive personopplysningar m.m.), når dei utfører oppgåver etter første til tredje ledd. Det er dei lovpålagte oppgåvene etter første til tredje ledd som vil gi rammene for kva opplysningar som kan behandlast, og i kva utstrekning. Det følgjer av forslaget til § 25-1 første ledd at personopplysningar kan behandlast berre så langt det er nødvendig for den konkrete oppgåva eller plikta. Krava til samarbeid inneber at behovet hos tenestene for å behandle personopplysningar vil kunne auke. Foreldre skal samtidig få informasjon om og ha kontroll over kvifor og korleis personopplysningar om barna blir brukte. Informasjon er avgjerande for moglegheita til å bruke andre rettar etter personvernforordninga, som til dømes innsyn og sletting.
Sjå elles omtalen av personsonopplysningar i punkt 54 og Prop.100 L (2020–2021) punkt 4.4.2.
Femte ledd definerer omgrepet «tenesteytarar». Alle desse tenesteytarane blir omfatta av samarbeidsplikta.
Sjette ledd fastslår at regelen også gjeld for kommunen og fylkeskommunen når han gir opplæring til vaksne. Det er opplæringsstaden som gir opplæring til dei vaksne, som skal samarbeide med andre kommunale eller fylkeskommunale tenester og med andre statlege og relevante private tenester når vilkåra for dette er oppfylt. Det er kommunen som skal vareta samordningsansvaret.