Opplæringslova
§ 24-2 Opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, er merksame på forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som blir merksame på slike forhold, av eige tiltak gir sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta alle relevante opplysningar som dei ikkje har plikt til å teie om.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-4, og er omtalt i punkt 23.5.4 i Prop. 57 L (2022–2023).
Både merksemdplikta etter første punktum og plikta til å gi opplysningar etter andre punktum gjeld forhold som kan føre til tiltak frå helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta i arbeids- og velferdsforvaltninga.
Kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter lova, oppfyller plikta til å vere merksam på behov for tiltak og plikta til å gi opplysningar om slike forhold. Dette er for å gjere det tydeleg at det ikkje dreier seg om eit personleg ansvar for kvart enkelt personell, og for at pliktene skal gjelde for alle som utfører tenester eller arbeid etter lova. Pliktene omfattar dermed personalet i leksehjelpordninga, skolefritidsordninga, kulturskolen, vaksenopplæringa, oppfølgingstenesta og den pedagogisk-psykologiske tenesta, i tillegg til personalet i skolen. Kommunane og fylkeskommunane må sørgje for at dei tilsette har kunnskap om kva tiltak som kan vere aktuelle etter både sosialtenestelova og helse- og omsorgstenestelova. Plikta må ikkje forvekslast med opplysningsplikta til barneverntenesta. Regelen har lik utforming som den tilsvarande regelen i andre sektorlover. Opplysningar kan berre givast med løyve frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta i forvaltningslova § 13 og følgjande paragrafar.
Skolen bør skrive ned skriftleg dei vurderingane som han gjer før skolen gir, eventuelt ikkje gir, opplysningar til sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta i samsvar med regelen. Tilsette bør dokumentere vurderingane som blir gjennomførte når det skal avgjerast om det skal varslast. Dokumentasjon av vurderingane vil ha noko å seie dersom det i etterkant blir spørsmål om teieplikta er broten. Mangel på skriftlege notat gjer det vanskelegare å etterprøve vurderingane skolen har gjort i samband med teieplikt og moglege unntak frå denne.