Opplæringslova
§ 24-3 Plikt til å melde frå til barnevernet
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphald
- når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt
- når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit særleg hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet for behandling eller opplæring
- når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller annan utprega normlaus oppførsel
- når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli utnytta til menneskehandel
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, har også plikt til å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-3, og er omtalt i punkt 23.5.3 i Prop. 57 L (2022–2023).
Det er fastsett ei generell meldeplikt til barnevernet i barnevernslova § 13-2. § 24-3 er derfor fastsett i opplæringslova av pedagogiske grunnar. Første ledd inneheld i tillegg ei «merksemdplikt» som ikkje finst i barnevernslova § 13-2. Fleire av dei situasjonane som kan skape ei meldeplikt etter denne lova og barnevernslova, kan også utløyse ei avverjeplikt etter straffelova § 196. Til dømes vil mishandling av barn ofte vere straffbart etter straffelova § 282 og utløyse ei avverjeplikt.
Paragrafen inneheld både ei merksemdplikt etter første ledd og ei opplysningsplikt (meldeplikt) etter andre ledd. Pliktene er eit sjølvstendig og personleg ansvar som ligg på den enkelte. Dette inneber at vurderinga av om melding skal sendast til barnevernstenesta, ikkje kan overlatast til andre, til dømes rektor eller ein annan leier. Det personlege ansvaret er likevel ikkje til hinder for at det blir etablert praktiske rutinar om formidling av meldingar. Slike rutinar kan likevel ikkje formast ut slik at dei fører til forseinkingar, og dei må ikkje innebere ei faktisk eller fagleg overprøving av vurderinga av om vilkåra for meldeplikt er oppfylte.
Alle som utfører tenester eller arbeid etter lova, er omfatta av merksemd- og meldeplikta til barnevernstenesta. Dette inneber at plikta gjeld for alle som utfører teneste eller arbeid i skolen, leksehjelpeordninga, skolefritidsordninga, kulturskolen, vaksenopplæringa, oppfølgingstenesta og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta). Regelen omfattar også enkelte tilsette i lærebedrifter, til dømes instruktøren og den faglege leiaren. Plikta omfattar i tillegg praktikantar, vikarar og mellombels tilsette som utfører tenester eller arbeid etter lova. Å utføre tenester eller arbeid skal ikkje forståast annleis eller vidare enn det som er fastsett i barnevernslova § 13-2.
I kva situasjonar det er plikt til å melde frå til barnevernstenesta, kjem fram i bokstavane a til d. Desse er nærare beskrivne i merknaden til barnevernslova § 13-2 i Prop.133 L (2020–2021). Når vilkåra for meldeplikt er oppfylt, finst det ingen andre handlingsalternativ som kan erstatte meldinga til barnevernstenesta, og opplysningsplikta fell til dømes ikkje bort sjølv om personen sjølv prøver å avhjelpe situasjonen.
Meldeplikta til barnevernstenesta gjeld uavhengig av teieplikta i forvaltningslova § 13 og følgjande paragrafar.
Skolen bør skrive ned skriftleg dei vurderingane han gjer før han sender, eventuelt ikkje sender, ei melding til barnevernstenesta i samsvar med regelen. Tilsette bør dokumentere vurderingane som blir gjennomførte når det skal avgjerast om det skal varslast. Slik dokumentasjon «kan gjere at personalet i ettertid kan vise at dei, på det tidspunktet opplysninga vart gitt, vurderte at det var grunn til å tru at situasjonen var så alvorleg at han utløyste opplysningsplikta. Dette vil ha noko å seie dersom det eventuelt i etterkant skulle bli spørsmål om teieplikta er broten. Ein mangel på skriftlege notat gjer det vanskelegare å etterprøve vurderingane til skolen av teieplikt og moglege unntak frå denne. Både av omsyn til partane i saka og til kontrollmoglegheitene til dei etterfølgjande instansane er det ein fordel om slike vurderingar er dokumenterte.