Opplæringslova
§ 24-4 Rett til å ta avgjerder for eleven når barnevernstenesta har overtatt omsorga
Dersom barnevernstenesta har overtatt omsorga etter barnevernsloven § 5-1, har barnevernstenesta rett til å ta avgjerder på vegner av eleven. Barnevernstenesta har dessutan rett til å ta avgjerder på vegner av eleven etter vedtak om flytteforbod etter barnevernsloven § 4-3 og etter vedtak om omsorgsovertaking etter barnevernsloven § 4-2.
Foreldra til eleven har likevel rett til å velje privat skole etter § 2-2, samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta etter § 2-2, velje skriftspråk etter § 3-1, krevje fritak frå delar av opplæringa på grunn av livssyn etter § 14-6, og krevje opplæring i og på samisk og i kvensk eller finsk etter §§ 3-2 og 3-3.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-6 og er omtalt i punkt 62 i Prop. 57 L (2022–2023). Han regulerer om det er barnevernstenesta eller foreldra som kan ta avgjerder på vegner av eleven når barneverntenesta har overteke omsorga. Paragrafen får ingen følgjer for kva tilfelle og saker eleven sjølv kan ta avgjerder i. Paragrafen får heller ingen følgjer for forholdet mellom barnevernstenesta og fosterforeldra eller barnevernsinstitusjonen.
Første ledd slår fast hovudregelen, som gjeld for dei avgjerdene som etter opplæringslova er lagde til foreldra til eleven. Paragrafen inneber at barnevernstenesta mellom anna har rett til å samtykkje til individuelt tilrettelagd opplæring, søkje om ein annan offentleg skole enn ein skole i nærmiljøet og ta avgjerder om skyss eller innlosjering. I tillegg inneber paragrafen at det er barnevernstenesta som tek avgjerder og opptrer på vegner av eleven i alle typar skolesaker som er ein del av den daglege oppfølginga av eleven.
Andre ledd ramsar opp kva avgjerder som foreldra har rett til å ta på vegner av eleven. At foreldra har rett til å velje privat grunnskoleopplæring, inneber at dei skal kunne velje privat skole framfor offentleg skole og dessutan velje typen privat skole. Dei skoletypane som finst i området der eleven bur, vil danne ei naturleg ramme for valfridommen til foreldra, og det vil vere ein føresetnad at foreldra er villige til å betale eventuelle ekstrautgifter som følgjer av det valet dei gjer. Val av skriftspråk omfattar både val av skriftspråk i læremiddel på 1. til 7. trinn etter § 3-1 andre ledd og avgjerd om å tilhøyre eiga skriftspråkgruppe på 1. til 7. trinn etter § 3-1 tredje ledd. Val av skriftspråk kan også vere aktuelt ved overføring til ny skole, jf. § 3-1 fjerde ledd.