Opplæringslova
§ 24-5 Sjølvråderett for dei som har fylt 15 år
Dei som har fylt 15 år, tar sjølve stilling til spørsmål knytte til opplæringa, mellom anna samtykke til individuelt tilrettelagd opplæring, melding om fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn og søknad om inntak til den vidaregåande opplæringa.
Forarbeid til loven
Paragrafen er delvis ny og ei delvis vidareføring av dagens § 3-1 første ledd siste punktum og er omtalt i punkt 21 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen slår fast at dei som har fylt 15 år, sjølve bestemmer over spørsmål knytte til opplæringa. I motsetning til dagens reglar er paragrafen ikkje avgrensa til opplæring i den vidaregåande opplæringa. Paragrafen gjeld derfor spørsmål knytte til opplæringa i både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Paragrafen omfattar også dei mellom 15 og 18 år som får opplæring for vaksne. Regelen er generell og gjeld med mindre anna er spesifisert i lova. Elevane kan til dømes sjølve gjere enkelte val knytte til språk allereie frå 8. trinn, sjå reglane i kapittel 3 i lova.
Døma som er lista opp i lova på kva som kan vere spørsmål knytte til opplæringa, er ikkje meint å vere uttømmande, men gir ein peikepinn på typiske spørsmål som dei over 15 år sjølve kan bestemme over. Andre døme kan vere spørsmål om valfag og utdanningsprogram.
Spørsmål knytte til opplæringa blir mellom anna avgrensa mot spørsmål om deling av personopplysningar. Her gjeld det eigne reglar om rett til sjølvråderett.
Regelen om sjølvråderett står ikkje i vegen for at foreldra eller andre kan ha partsrettar etter reglane i forvaltningslova om enkeltvedtak, eller at foreldra eller andre kan opptre på vegner av eleven etter fullmakt.