Opplæringslova
§ 25-1 Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt
Kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.
Ved skolebyte kan skolar hente inn dei personopplysningane frå andre skolar som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring og retten til dokumentasjon av opplæringa.
Fylkeskommunar kan hente inn dei personopplysningane frå grunnskolar som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, førebyggje fråvær frå opplæringa og følgje opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta.
Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.
Behandlinga av personopplysningar etter første til fjerde ledd kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
Departementet kan gi forskrift om behandlinga av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, bruk av automatiserte avgjerder, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.
Utlevering av personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 15-10, med nokre språklege endringar, og er omtalt i punkt 54 i Prop. 57 L (2022–2023).
Dette rettsgrunnlaget supplerer behandlingsgrunnlaga i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c og e, artikkel 9 og artikkel 10.
Første ledd regulerer behandlinga av personopplysningar i kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter. Leddet slår fast at kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Med oppgåver er det meint både plikter og oppgåver som kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter er pålagde i og med heimel i lova. Leddet gjer det tydeleg at opplæringslova med forskrifter gir supplerande rettsgrunnlag til personvernforordninga artikkel 6 første ledd bokstav c og e.
Leddet gir ikkje i seg sjølv rettsgrunnlag for å behandle personopplysningar, men må sjåast i samanheng med dei oppgåvene som er regulerte i eller med heimel i opplæringslova. Formålet med leddet er å gjere det tydeleg at reglane i opplæringslova kan, og ofte vil, gjere det nødvendig å behandle personopplysningar.
Formålet med dei enkelte oppgåvene som er regulerte i opplæringslova avgrensar kva personopplysningar som kan behandlast, inkludert lagringstid og vidarebehandling av opplysningane. Kommunen, fylkeskommunen og lærebedrifter skal derfor berre behandle personopplysningar så langt dette er nødvendig for å oppfylle formålet med den enkelte oppgåva dei er pålagde etter opplæringslova med forskrifter.
Regelen handlar både om opplæringsverksemda til kommunane og fylkeskommunane og om andre oppgåver som er lagde til kommunane og fylkeskommunane i opplæringslova med forskrifter. Til dømes er fylkeskommunane pålagde å ha ei oppfølgingsteneste som ikkje er ein del av opplæringsverksemda, sjå § 9-4. Lærebedriftene står for ein sentral del av den yrkesretta vidaregåande opplæringa og er derfor pålagde oppgåver i opplæringslova som gjer det nødvendig å behandle personopplysningar.
Også statlege og private skolar som driv verksemd etter opplæringslova er omfatta, sjå § 22-2 første ledd bokstav r og merknadane til § 28-6 tredje ledd.
Kven som er behandlingsansvarleg, vil vere avhengig av dei ulike oppgåvene og pliktene.
Andre ledd gir supplerande rettsgrunnlag for deling av personopplysningar ved skolebyte. Regelen gir rettsleg grunnlag for at skolar kan innhente personopplysningar som dei treng for å oppfylle retten til opplæring og å få grunnlag for å utferde dokumentasjon på opplæringa. Formåla som er førte opp, fastset rammene for kva for personopplysningar som kan behandlast etter leddet, og kva for formål opplysningane kan brukast til. Å oppfylle retten til opplæring omfattar også å kunne gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, inkludert å kontrollere om søkjaren har rett til vidaregåande opplæring. Formålet omfattar også å kunne overføre opplysningar frå vedtak om pålagt skolebyte etter § 13-2. Kva for opplysningar som skal kunne overførast, vil bli regulert i forskrift med heimel i sjette ledd.
Leddet gir samtidig supplerande rettsgrunnlag for utleveringa til skolane av personopplysningar.
Leddet opnar for deling av personopplysningar mellom offentlege skolar og private skolar, både private skolar som er godkjende etter opplæringslova, og private skolar som er godkjende etter privatskolelova. Uttrykket «skole» er også meint å omfatte vaksenopplæringssenter som deler personopplysningar om vaksne deltakarar i grunnopplæringa.
Tredje ledd gir supplerande rettsgrunnlag for deling av personopplysningar ved overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Regelen gir rettsleg grunnlag for at fylkeskommunane kan få utlevert personopplysningar frå grunnskolen som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak, førebyggje fråvær og følgje opp dei som er i målgruppa for oppfølgingstenesta. Regelen gir samtidig rettsgrunnlag for utleveringa grunnskolane gjer av personopplysningar til desse formåla.
Fylkeskommunane har eit særskilt ansvar i arbeidet med å forhindre fråfall i vidaregåande opplæring. Å førebyggje fråvær kan mellom anna handle om å tilpasse opplæringa for å auke moglegheita for at elevane fullfører den vidaregåande opplæringa. Det kan også omhandle rettleiing av søkjarar og elevar om val av utdanningsprogram, programfag og liknande for å hjelpe eleven til å ta val som gir best høve til å fullføre den vidaregåande opplæringa. Dei oppgitte formåla fastset rammene for kva personopplysningar som kan behandlast etter leddet.
Fylkeskommunane kan innhente personopplysningar for dei nemnde formåla både frå offentlege og private grunnskolar og frå private skolar godkjende etter privatskolelova.
Regelen gir også supplerande rettsgrunnlag for utlevering av personopplysningar til statlege skolar og private skolar som gir vidaregåande opplæring etter § 22-1. Statlege og private skolar kan berre få utlevert dei opplysningane som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring og gjennomføre inntak, og opplysningane kan berre brukast til desse formåla. Statlege og private skolar har ikkje ansvar for oppfølgingstenesta, slik som fylkeskommunen, og kan dermed ikkje få utlevert opplysningar til dette formålet.
Fjerde ledd gir supplerande rettsgrunnlag for at skolane kan dele personopplysningar for å leggje til rette opplæringa til ein elev, men berre så langt eleven eller foreldra har gitt løyve til det. Opplysningane som det er ønskjeleg å dele, kan vere personopplysningar av særlege kategoriar, til dømes helseopplysningar, fråsegner frå sakkunnige og vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring.
Kravet om løyve sikrar at det ikkje blir delt fleire opplysningar enn det eleven eller foreldra sjølve ønskjer. Eleven og foreldra avgjer dermed sjølve om den nye skolen eller den vidaregåande skolen skal få opplysningar utover det som er regulert i andre og tredje ledd.
Kravet om løyve frå eleven eller foreldra er eit tilleggskrav, og det er lova som er det supplerande rettsgrunnlaget for behandling av personopplysningar. Det er ikkje same krav til eit slikt løyve som det er til eit samtykke som behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga. Det inneber mellom anna at om eit slikt løyve vert trekt tilbake, så vil ikkje det i seg sjølv gi skolen plikt til å slette personopplysningane skolen har fått. Dersom ein skole ikkje innhenter slikt løyve før personopplysningane blir utleverte, vil det vere eit brot på opplæringslova og eventuelt reglane om teieplikt i forvaltningslova. Eit slikt løyve vil også utgjere samtykke etter reglane om teieplikt i forvaltningslova, sjå forvaltningslova § 13 a nr. 1.
Dersom foreldreansvaret er delt, må begge foreldra gi løyve. Dette følgjer av barnelova § 30, som slår fast at foreldre med felles foreldreansvar skal ta avgjerder om barnet saman.
Fjerde ledd vidarefører kva personopplysningar som kan utleverast, både ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang frå grunnskole til vidaregåande skole etter tredje ledd. Regelen omfattar berre personopplysningar som er nødvendige for at skolen skal kunne leggje til rette opplæringa for eleven. Opplæring skal forståast i vid forstand. Både personopplysningar om det faglege utbyttet til eleven og personopplysningar om trivselen til eleven, sosial tilhøyrsel og liknande er omfatta.
Femte ledd slår fast at behandlinga av personopplysningar etter første til fjerde ledd også kan omfatte behandling av særlege kategoriar av personopplysningar etter artikkel 9 og personopplysningar etter artikkel 10 i personvernforordninga. I fleire tilfelle vil det vere nødvendig å behandle særlege kategoriar av personopplysningar, anten direkte eller indirekte, for å oppfylle dei rettslege forpliktingane i opplæringslova. Døme er opplysningar om helsa til eleven, fråsegn fra sakkunnige og vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Andre døme er opplysningar om eleven sin religiøse tilhøyrsel, om fritak, samisk språkbakgrunn eller teiknspråk.
Behandling av opplysningar etter artikkel 10 kan mellom anna bli aktuelt ved opplysningar om straffbare forhold barn har vorte utsette for. Det kan også vere aktuelt for fylkeskommunane å behandle personopplysningar etter artikkel 10 for å vareta plikta til å gi opplæring i fengsel, sjå § 28-5. Unntaksvis vil også slike opplysningar kunne inngå i oppfyllinga til skolane av aktivitetsplikta i skolemiljøsaker etter §§ 12-4 og vidare eller behandlinga til kommunen og fylkeskommunen av saker om pålagt skolebyte, sjå § 13-2.
Sjette ledd gir heimel for departementet til å gi nærare reglar om behandlinga i forskrift, mellom anna om formålet med behandlinga, vidarebehandling og tilgang til personopplysningar. Heimelen kan brukast til å konkretisere og supplere krava til behandling av personopplysningar etter personopplysningslova og personvernforordninga.
Sjuande ledd fastset at personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd skal kunne delast utan hinder av teieplikta.