Opplæringslova
§ 25-2 Den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring
Den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av kompetanse skal leggje til rette for
- samling av sannferdig informasjon om og oppbevaring av vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring
- kontroll av at vitnemåla er gyldig førte i samsvar med gjeldande reglar
- opptak til høgare utdanning og til høgare yrkesfagleg utdanning
- deling av vitnemål og annan dokumentasjon av kompetanse
Fylkeskommunar og andre som tilbyr vidaregåande opplæring, skal utan hinder av teieplikt levere alle vitnemål og kompetansebevis frå den vidaregåande opplæringa til databasen. Departementet kan i forskrift fastsetje unntak frå denne plikta.
Databasen kan også innehalde vitnemål og annan dokumentasjon av kompetanse frå anna opplæring og utdanning i den mon det tener til å oppfylle eitt eller fleire av formåla i første ledd.
Databasen kan dele fødselsnummeret eller D-nummeret til ein person og informasjon om kva for dokumentasjon av kompetansen til personen databasen inneheld automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 15-1. Vitnemål og dokumentasjon av kompetanse kan berre delast når den registrerte har bestemt det.
Departementet kan gi forskrift om behandling av personopplysningar i databasen, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.
Endra ved lov 8 mars 2024 nr. 9 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 8 mars 2024 nr. 407).