Opplæringslova
§ 26-1 Kulturskole
Kommunen skal ha eit tilbod om kulturskole til barn og unge, organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 13-6 og er omtalt i punkt 47 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen vidarefører plikta kommunane har til å ha ein kulturskole. Kulturskolen er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa eller den vidaregåande opplæringa. Sjølv om ordet musikk er fjerna frå paragrafen, er ikkje dette meint som ei realitetsendring. Kulturskole omfattar språkleg sett også musikkundervisning. Kommunane kan organisere tilbodet sjølve eller i samarbeid med andre kommunar. Tilbodet skal vere organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet elles. Paragrafen gir ikkje elevar rett til plass ved kulturskolen og stiller ikkje krav til omfang, breidd eller organisering. Reglane om politiattest og tilsetjingsforbod i § 17-11 gjeld i kulturskolen.