Opplæringslova
§ 26-2 Formålet med kulturskolen
Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er ei lovfesting av formålet til kulturskolen. Han skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk. Ordet «aktivitet» viser at kulturskoletilbodet ikkje er formell skolegang. Ordet «ulike» er teke inn for å synleggjere at aktivitetane kan vere av svært ulik art. Opplæringa i kulturskolen skal gis i et trygt og godt skolemiljø. Det innebærer blant anna at elever ikkje blir utsatt for krenkelser når dei deltar på aktiviteter i kulturskolen. Reglane om skolemiljø i opplæringslova kapittel 12 gjeld ikkje for kulturskolen.