Opplæringslova
§ 27-2 Forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet
Elevar og vaksne deltakarar skal ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei får opplæring. Det same gjeld når elevar deltar i skolefritidsordninga eller får leksehjelp.
Tilsette i skolen skal ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei er saman med elevane eller deltakarane. Det same gjeld dei som arbeider i skolefritidsordninga, leksehjelpordninga, skolehelsetenesta eller den pedagogisk-psykologiske tenesta.
Forbodet gjeld ikkje tildekking av ansiktet av omsyn til vêr, helse eller tryggleik, eller tildekking som tener pedagogiske eller sosiale føremål.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører i hovudsak dagens lov § 9-7 og er omtalt i punkt 34.5 i Prop. 57 L (2022–2023)
Første ledd første punktum slår fast at elevar og vaksne deltakarar som får opplæring, ikkje skal bruke plagg som dekkjer heile eller delar av ansiktet.
Forbodet gjeld uavhengig av om opplæringa skjer på skoleområdet eller ikkje. «[O]pplæring» skal i denne samanhengen forståast breitt og inkluderer mellom anna turar og arrangement i regi av skolen. Forbodet gjeld ikkje i friminutt og pausar og heller ikkje på skolevegen.
Første ledd andre punktum slår fast at forbodet også gjeld når elevane deltek i skolefritidsordninga eller får leksehjelp i regi av skolen. Forbodet gjeld berre for fellesaktivitetar i skolefritidsordninga og ikkje i situasjonar som svarer til friminutt og pausar i skolen.
Dersom kommunane og fylkeskommunane skal kunne bruke ordenstiltak overfor ein elev som bryt forbodet, må dette fastsetjast i skolereglane etter § 10-7. Det må også fastsetjast i skolereglane kva tiltak som då kan nyttast. Som hovudregel bør elevar som bryt forbodet, først bli følgde opp med ein samtale. Samtalen kan deretter følgjast opp av ulike tiltak, til dømes merknad, skriftleg åtvaring til eleven eller samtalar med rådgivar eller andre. Kommunane og fylkeskommunane må i kvart tilfelle vurdere kva tiltak i skolereglane som er rimelege å bruke ved brot på forbodet. I vurderinga vil det mellom anna vere relevant å ta omsyn til alderen til eleven, hensikta eller intensjonen med å bruke plagget, om brotet har skjedd fleire gonger, og kva som er årsaka til at eleven ikkje har retta seg etter eventuelle pålegg frå skolen om å ta av plagget. Kommunane og fylkeskommunane bør vere varsame med bruk av bortvising, særleg i grunnskolen. Det følgjer av § 13-1 andre ledd at ein elev ikkje kan visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege. Andre tiltak skal såleis vere vurderte før det blir gjort vedtak om bortvising.
Andre ledd slår fast at forbodet også gjeld tilsette i skolen, i skolefritidsordninga, leksehjelpsordninga, skolehelsetenesta og pedagogisk-psykologisk teneste, når desse er saman med elevane. «[S]aman med elevane» betyr at forbodet gjeld utover det som kan reknast som rein undervisning. Mellom anna vil tilsette som har ansvar for elevane i pausar og friminutt, og tilsette som har samtalar med elevane, vere omfatta av forbodet. Forbodet gjeld ikkje når dei tilsette gjer arbeidsoppgåver aleine eller berre saman med andre tilsette, til dømes førebur opplæringa eller rettar prøvar. Eventuelle reaksjonar som følgje av brot på forbodet mot ansiktsdekkjande plagg blir regulerte av alminnelege arbeidsrettslege reglar. Gjentekne brot på forbodet kan vere grunnlag for oppseiing.
Tredje ledd opnar for at ansiktsdekkjande plagg likevel kan vere lov dersom bruken er grunngitt ut frå omsynet til vêr, helse eller tryggleik. Dette unntaket dekkjer til dømes plagg som blir brukt på grunn av kulde eller sterk sol, munnbind, bandasjar og verneutstyr. Ansiktsdekkjande plagg er også lov dersom dette tener pedagogiske eller sosiale formål, som til dømes utkledningleik, skodespel med meir.