Opplæringslova
§ 28-1 Kommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar
Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og førebuande opplæring for vaksne for dei som bur i kommunen, bortsett frå dei som fylkeskommunen har ansvaret for etter §§ 28-3 til 28-6. Kommunen har ansvaret for at reglane i lova som legg plikter på kommunen, skolen og tilsette i skolen, blir oppfylte.
Departementet kan gi forskrift om eller fastsetje i enkeltvedtak kven som skal reknast som busette i kommunen. Departementet kan gi forskrift om at ein kommune skal ha det økonomiske ansvaret for grunnskoleopplæringa for elevar som får slik opplæring utanfor kommunen.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar § 13-1 i dagens lov og er omtalt i punkt 53 i Prop. 57 L (2022–2023)
Første ledd første punktum slår fast at det som hovudregel er kommunen som skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og førebuande opplæring for vaksne. Det betyr at det er kommunen som er økonomisk og administrativt ansvarleg for grunnskoleopplæringa. Kommunen har eit overordna ansvar for grunnskoleopplæringa og for å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for å oppfylle krava i lova. Ansvaret til kommunen gjeld for barn, unge og vaksne som er busette i kommunen. Barn og unge er som hovudregel busette i den kommunen der foreldra eller den av foreldra som har omsorgsansvaret, bur.
Første ledd andre punktum inneber at kommunen har det juridiske ansvaret for at alle pliktene som reglane i lova legg til kommunen, skolen, rektor eller andre tilsette i skolen, blir oppfylte. Det betyr at kommunen kan stillast til ansvar av dei som har rettar etter reglane, av handhevingsstyresmaktene, av tilsynsmakta eller av domstolen . Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt og kan dermed ikkje ha mynde eller ansvar etter lova. Vidare har kommunen ansvaret der lova gir opp rektor eller andre tilsette som pliktsubjekt, med mindre det kjem fram av lova og forarbeida at det dreier seg om eit personleg juridisk ansvar. Rektor og tilsette i skolen er pålagde eit personleg juridisk ansvar etter § 12-9 om straffansvar ved brot på reglane om skolemiljøet og etter § 24-3 om opplysningsplikt til barnevernet.
Reglane i første ledd må sjåast i samanheng med kommunelova § 5-3 som fastset at det er kommunestyret som er øvste ansvarleg i kommunen.
Andre ledd første punktum gir departementet kompetanse til å gi generelle reglar i forskrift og til i enkelttilfelle å gi pålegg om kven som skal reknast som busett i kommunen. Kompetansen til å gripe inn i enkelttilfelle kan til dømes brukast der det er usemje mellom kommunar. Etter andre ledd andre punktum kan departementet gi forskrift om at bustadkommunen skal ha det økonomiske ansvaret for elevar som får opplæringa utanfor bustadkommunen.